Hopp til innhold

Valdsepisode i Ålesund

  • Etterforskar saka

    Jourhavande jurist, Mathias Häber, fortel at et skal ha vore ei hending i forkant, som var bakgrunnen til valdsepisoden mellom to menn i Ålesund torsdag kveld.

    Den eine mannen blei frakta til sjukehus med sårskadar, medan den andre mannen blei sett i arresten. Politiet jobbar framleis med sporsikring og å avhøyre dei involverte. – Den sikta sit framleis i avhøyr og vi er i gang med etterforskinga. Mykje er framleis uklart, fortel Häber. Den skadde mannen er framleis innlagt på sjukehus. Politiet ønskjer også å kome i kontakt med ei kvinne som skal ha vore vitne til hendinga.

  • Sendt til sjukehus etter vald

    Politiet i Ålesund måtte seint torsdag kveld rykke ut på ei valdsepisode i sentrum av byen. Der skal ein mann ha utøvd vald mot ein annan mann. Han blei arrestert på staden, medan den andre blei frakta til sjukehus med ambulanse. – Vi har ikkje alle detaljane enno, men han er påført sår på forskjellige plassar og blødde. Det kan ha vore brukt ein gjenstand, og skadane han har kan kome frå eit stikkvåpen, men vi veit ikkje. Det vil etterforskinga avsløre, seier Per Åge Ferstad, operasjonsleiar i politiet. Ifølgje Ferstad skal mannen ikkje ha fått alvorlege skader. Saka blir etterforska og politiet vil gjennomføre avhøyr av dei to involverte i dag. Dei kjenner så langt ikkje til bakgrunnen for valden. Det var vitne til hendinga, og også desse blir avhøyrt. Torsdag kveld gjorde politiet undersøkingar på staden.