Hopp til innhold

6 av 10 ordførarar er heilt ferske: – Dei har fått ein krevjande jobb

Stadig fleire ordførarar er nyvalde. For fleire har dei første månadane vore utfordrande: – Det har vore mykje «learning by doing», seier den yngste av dei.

Håkon Lykkebø Strand (Frp) er ordfører i Ålesund kommune.

Håkon Lykkebø Strand (Frp) blei vald til ny ordførar i Ålesund i haust.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

– Dette er ikkje ein ni til fire jobb. Det skjer noko heile døgnet. Telefonen ringer og du må svare. Og du møter folk. Men eg likar det. Eg vil prioritere å møte folk. Ein ordførar skal ikkje låse seg inne på kontoret.

Håkon Lykkebø Strand (Frp) har blitt varm i trøya. I haust gjekk 27-åringen frå å jobbe på Spar-butikken på Ellingsøya til å bli ordførar i Ålesund. Det er fyrste gongen at Framstegspartiet har fått ordføraren her.

Men i Ålesund står utfordringane i kø. Haram tok ut skilsmisse og blei eigen kommune. Den striden har tært på kreftene til dei tilsette. Og økonomien er svært anstrengt og gir lite spelerom.

Og den nye ordføraren har nokre valløfte han må innfri. Mellom anna skal eigedomsskatten kuttast og etter kvart fjernast. Men økonomien gjer det utfordrande.

– Eg trur vi skal få det til. Det er viktig å vise at vi har fått eit politisk skifte i Ålesund. Men vi har høg gjeld. Vi har ingenting på disposisjonsfond. Og vi startar truleg 2024 i minus. Så her må vi berre brette opp ermene.

Håkon Lykkebø Strand og Jessica Gärtner

Håkon Lykkebø Strand (Frp) blir gratulert etter å ha blitt vald til ny ordførar i Ålesund hausten 2023.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Stor overgang

Ved valet i 2015 og 2019 var kring halvparten av alle ordførarane nye. Valet i haust gav oss 212 nye ordførarar og to nye byrådsleiarar i kommunane i landet. Berre 11 av desse hadde vore ordførar før.

Med andre ord: heile 6 av 10 ordførarar er nyvalde.

Men Håvard Handeland (Ap) i Sauda var ikkje berre ny då han vart vald. 19-åringen er den yngste ordføraren i landet nokosinne. Og overgangen har vore stor.

– Eg kjem jo frå Esso eg då. Frå den lokale bensinstasjonen. Så det er klart det var ein enorm overgang. Både når det gjeld arbeidstid og ansvar. Men eg har lært mykje. Og eg synest det er utruleg gøy.

Håvard Handeland tidenes yngste ordfører

Håvard Handeland (Ap) i Sauda er den yngste ordføraren i landet.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Det har vore mykje å sette seg inn i. Og det har vore ein viktig lærdom at ordføraren kanskje ikkje har så mykje makt som ein trur. Det er ikkje berre å knipse med fingrane og så blir ting gjort.

Og så må ein ikkje vere redd for å gjere feil, seier Håvard Handeland.

– Det er jo veldig mykje «learning-by-doing» dette her. På spøk har eg ofte sagt at eg er lærling i statsvitskap utan rettleiar. Så det er noko nytt å lære kring kvar sving eigentleg.

Les også Flykta frå Syria i 2015 – suste rett inn i kommunestyret åtte år seinare

Hadeel Jamal Huseen som kom fra Syria i 2015, ble valgt inn i kommunestyret i Gol i 2023.

Krevjande

Ein ordførar har mange ulike roller på same tid. Og det er ikkje så enkelt. Dei ulike rollene kan fort kome i konflikt med kvarandre.

Ordføraren er ofte kommunen sitt andlet overfor omverda. Han må vere heilskapleg, og mange har ei forventning om at han taler på vegner av dei.

Men ordføraren kjem også frå eit politisk parti. Og det partiet vil ha gjennomslag i dei sakene som er viktig for dei. Desse må ordføraren kjempe for.

Og i mange kommunar er ordføraren den einaste heiltidspolitikaren. Det gjer at han får eit nært forhold til den administrative leiinga som han fort blir avhengig av. Og den leiinga forventar at han er ein medspelar, og at han er lojal mot dei.

– Det som skil gode ordførarar frå mindre gode ordførar er at dei får til denne kunsten å vareta fleire roller og samstundes skape det debattklimaet som lokaldemokratiet er så avhengig av, seier valforskar Bjarte Folkestad.

Bjarte Folkestad er valgforsker ved Høgskulen i Volda. Her sitter han på en stol foran kontorpulten sin i Ivar Aasen-bygget på Høgskulen. Han ser rett inn i kameraet og smiler. Han har på seg en dongeriskjorte. Folkestad har brunt hår og skjeggvekst.

Valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda meiner jobben som ordførar byr på mange utfordringar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ein like stor utfordring for dei nye ordførarane er møtet med dei økonomiske realitetane. Dei har gjerne kome med mange lovnader under valkampen. Men dei blir det vanskeleg å innfri fordi kommunen manglar pengar.

Det krev at ein inngår kompromiss som det ofte er vanskeleg å forklare for folk, seier valforskaren.

– Dette er krevjande for ein ordførar. Og det inneber at ein må ha evne til å formidle bodskapen til folk.

Les også 1 av 4 ordførarar kjem ikkje frå det største partiet: – Vi blei dolka i ryggen

Frp blei største parti i Vestnes i Møre og Romsdal i 2023, men Anne Marie Fiksdal blei ikkje ordførar.

Respekt

I Ålesund er Frp det største partiet. Den nyvalde ordføraren har ei stor gruppe i ryggen. Og det er viktig å ha gode folk som støttar deg, seier Håkon Lykkebø Strand.

Han trur ikkje det blir noko problem at han er ung og fersk. Og han opplever at han blir møtt med stor respekt.

– Det er klart at når eit parti fekk 25,8 prosent av stemmene så var det ikkje fordi det var ein pjokk som stilte til val. Det var jo fordi dei trudde at han kunne gjere ein skilnad for byen. Og eg håper eg kan vise meg tilliten verdig.

Håkon Lykkebø Strand (Frp) er ordfører i Ålesund kommune.

Håkon Lykkebø Strand (Frp) har ein solid del av veljarane i kommunen sin i ryggen, og er sikker på at det har med god politikk å gjere – ikkje at han er ung og fersk.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK