– Eg synest det var trist. Vi blei dolka i ryggen. Det var ingen som var ærlege mot oss før vi fekk høyre at dei hadde danna eit fleirtal og skulle skrive avtale.
Anne Marie Fiksdal har fått summa seg no. Det har gått nokre dagar sidan ho måtte bite i det sure eplet. For surt smakte det. I alle fall for Anne Marie Fiksdal.
Partiet hennar Frp blei det klart største partiet i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. 25,7 prosent stemte på Frp. Men ordførar blei ho ikkje. I staden sette fem parti seg saman og blei samde om ein avtale. Utan Frp.
Høgre fekk ordføraren. Frp blei sett på sidelinja. Dei vann valet i Vestnes, men tapte forhandlingane. Og reaksjonane har ikkje latt vente på seg.
– Vi har fått veldig mange reaksjonar. Og ikkje berre frå våre eigne veljarar, men veljarar frå andre parti. Stor sett dei fleste meiner at det største partiet bør kunne få ordføraren.
Forhandlingar
Det er ikkje noko uvanleg at det største partiet ikkje får ordføraren. Men spør du folk så vil nokre svare at dette er ikkje fair play. Dei stemte på det partiet som blei størst og opplever at dei like godt kunne latt vere å stemme.
Andre vil forsvare at partia blir samde om ein avtale der det største partiet ikkje er med. Det er gjennom forhandlingar at ein skaffar seg eit fleirtal. Og dei som er best til å forhandle, vinn fram.
Valforskar Bjarte Folkestad har følgt norske lokalval på nært hald i ei årrekke. Han peikar på at lokaldemokrati handlar om at partia skal søke makt. Det inneber ofte forhandlingar mellom fleire parti.
– Og då kan utfallet av og til bli at det største partiet ikkje får ordføraren. Dette er også ein del av demokratiet. Men det er viktig at dei som har kome til makta, kan forklare kva ein har blitt samde om og korleis ein har tolka valresultatet.
Jo fleire parti som er med, jo fleire vegar kan det vere til eit fleirtal. Og jo meir krevjande blir det.
– For det er vanskelegare å bli samde om kva ein skal ha til middag i ein stor familie enn i ein liten familie.
Det er ingen automatikk i at det største partiet får ordføraren, seier valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKTok utfordringa
Tre veker etter valet er det framleis ikkje kome noko avgjerd i 43 av kommunane i landet. Men i 235 kommunar har det største partiet fått ordføraren. I 79 kommunar har eit anna parti fått ordføraren, viser eit oversyn NRK har laga.
Det inneber at kring ein av fire ordførarar i landet ikkje kjem frå det største partiet.
I Sokndal i Rogaland blei KrF klart størst. Dei har hatt ordføraren dei siste 12 åra. Han som har styrt skuta dei siste fire åra, var yngst i landet og ein populær politikar.
Men no var det slutt. Fire andre parti ville det annleis. Og dei peika på Bjørn-Inge Mydland frå Senterpartiet.
– Vi blei utfordra til å ta på oss dette. Etter ei søvnlaus natt med mykje grubling og fram og tilbake i senga bestemte eg meg for at dette burde vi ta på oss.
Men partiet hans var under halvparten så stort som KrF etter valet. Og reaksjonane lét ikkje vente på seg. Men den nye ordføraren trur folk vil akseptere resultatet.
– Eg trur dei forstår at dei som byggjer eit fleirtal, får ordføraren. Eg har fått mange positive tilbakemeldingar frå innbyggjarar som synest dette er flott. Og slår du saman stemmetala til dei fire partia så har vi skaffa oss eit godt grunnlag for å byggje fleirtal.
Bjørn-Inge Mydland (Sp) blir den nye ordføraren i Sokndal kommune.
Foto: Erik Waage / NRK