NRKMøre og Romsdal blei felt i pressens faglige utvalg (PFU) 26.10.2022 for denne artikkelen.
Les kjennelsen her.
I ein tidlegare versjon av artikkelen var det brukt ein lenketittel der det sto at Benjamin Anda nektar å samarbeide med kvinneprestar. I ettertid er dette endra til "Seier nei til kvinneprestar". I første publisering stod det også at han fortalte til Sunnmørsposten om synet sitt. Dette er endra til at avisa omtalte synet hans.
Det har vekt reaksjonar i lokalmiljøet etter at Sunnmørsposten sist omtalte at soknepresten på Sunnmøre seier nei til kvinneprestar.
– Det har for meg ikkje vore viktig å framheve det, vi tenkjer jo ulikt om ting både i politikk og teologi, og då har eg hamna på den sida som blir kalla konservativ, sa han til avisa i helga.
Men uttalen har blitt lagt merke til både blant kyrkjegjengarar og sambygdingar.
Dei andre tilsette nektar å stå bak
No går kollegaene til presten ut på Facebook. I ein post som blei publisert i ettermiddag presiserer dei at fleirtalet i staben ikkje står bak synspunktet om nei til kvinneprestar.
Presiseringa blir lagt ut som følgje av at dei tilsette på kontoret har fått negative tilbakemeldingar.
– Folk er opptrekt over at prestar i vår tid har dette synet. Vi går ut på Facebook for at dei tilsette hos oss skal få nyansere bildet, seier kyrkjeverje Turid Urkedal Valderhaug.
Ei av dei tilsette er sjølv kvinne og prest, og ønskjer ikkje å kommentere saka.
– Skaper dårleg stemning
Den norske kyrkja har gang på gang slått fast at mannlege prestar ikkje kan nekte å samarbeide med kvinneprestar.
Leiaren i presteforeininga lokalt, Anders Barstad, har tidlegare kritisert biskopane for å lukke auga for prestar som framleis nektar å samarbeide. No tek han for gitt at biskopen i Møre følgjer opp saka.
– Det skaper ei dårleg stemning i fellesskapet når folk definerer seg slik at dei ikkje kan samarbeide med andre.
– Men burde det ikkje vere plass i kyrkja for å hevde slike standpunkt?
– Jau, det bør absolutt vere rom for andre synspunkt, men når det er spørsmål som gjeld arbeidsmiljøet, kviler det eit stort ansvar på vedkomande for at det ikkje skal gå utover andre, seier Barstad.
Fleire kvinnelege prestekollegaer
Rogalendingen Benjamin Anda har vore sokneprest i Giske sidan januar 2020. Han vil ikkje kommentere saka overfor NRK. I ei tekstmelding skriv han at han ønskjer ro og fred om sine ståstader – for lokalmiljøet si skuld.
– At journalistar ønskjer konflikt får stå for deira rekning, skriv han.
Han ønskjer ikkje å svare på spørsmålet om han trur det kontroversielle standpunktet hans får konsekvens for arbeidet hans som sokneprest.
I ein alder av 28 år kan han framleis ha over 40 år framfor seg som sokneprest i ei kyrkje som seier at det ikkje er lov å nekte å samarbeide med kvinner.
– Får ingen konsekvens
NRK har bedt om ein kommentar frå biskopen i Møre etter at Sunnmørsposten skreiv at soknepresten i Giske seier nei til kvinnelege prestar. Ingeborg Midttømme er sjukmeld, og fungerande biskop Olav Gading seier uttalen ikkje får konsekvensar for Anda.
– Avisartikkelen gir ikkje grunnlag for nokon reaksjon frå arbeidsgjevar, seier Gading.
– Men ein annan prest fekk sparken etter å ha uttale det samme standpunktet i fjor - er ikkje dette forskjellsbehandling?
– Det kan eg ikkje svare på. Biskop Ingeborg Midttømme har samtalar med Anda, og dei kjenner eg ikkje innhaldet i. Men dette får altså ingen konsekvensar for han.
– Men er dette uproblematisk når han sjølv arbeider i eit kvinnekollegium?
– Uproblematisk er det nok ikkje, men biskopen har ikkje trekt den konklusjonen at dette skal få konsekvensar for han.
– Burde ikkje ho det?
– Nei.