NRK Meny
Normal

– Ei fantastisk kjensle

På overtid fekk KBK målet som gjorde at dei tok med tre poeng heim til Kristiansund. Kampen enda 0-1 på Høddvoll. – Vi er skuffa no, seier Hødd-trenar.

KBK mot Hødd

MÅL: Spelar for KBK, Jonas Kippersund Rønningen med medspelarar etter at han har sett ballen i mål, like før kampslutt.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Dette er ein kamp som vi skal vinne både ut ifrå spel og sjansar, men dessverre bikka det ikkje over i dag, seier hovudtrenaren til Hødd, Sindre Eid etter kampen.

– Fantastisk kjensle

Christian Michelsen

NØGD: KBK-trenar Christian Michelsen var særs nøgd med å ta med seg tre poeng heim frå Høddvoll.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det var i dei aller siste minuttane at Jonas Kippersund Rønningen sette ballen i mål for Kristiansund, og dermed stakk KBK av med sigeren.

– Det er ei fantastisk kjensle å stikke av garde med tre poeng. I fjor fekk me ein smell av Hødd i Kristiansund, så no var det artig å revansjere, seier KBK-trenar Christian Michelsen.

– Fotball handlar ofte om marginar og det vart ein tett kamp, akkurat slik som me føresåg. Me var heldige og trakk det lengste strået, seier han.

– Me burde vunne

Sindre Eid

SKUFFA: Hovudtrenaren til Hødd, Sindre Eid, var skuffa etter kampen som enda 0–1.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det vart ein tett kamp med tøft spel og fleire spelarar fekk gult kort. 29 minutt ut i kampen tok Michael Karlsen straffe for Hødd, og brente sjansen.

– Straffe er som regel mål, men ikkje alltid. Me bomma på den, og då blir det som det blir. Me hadde sjansar nok til å avgjere denne kampen her, seier Eid.

– Sjølv om me ikkje hadde ein maksprestasjon i dag, så er vi klart betre enn Kristiansund. Me burde vunne kampen, legg han til.

Sjå kampreferat:

Laster innhold, vennligst vent..