Hopp til innhold

– Det blir god stemning

Klokka 18.00 er det lokalderby mellom Hødd og Kristiansund Ballklubb, og det er venta god stemning på Høddvoll stadion. Kampen kan du følge her.

Hødd-KBK

I GANG: Kampen mellom Hødd og KBK er i gang.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

KBK-supporter

KAMPEN I GANG: Mange KBK-supporterar på tribuna under lokalderbyen.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

– Eg trur det blir ein tett og jamn kamp. Me håpar at Hødd vinn til slutt, men det blir nok ein tøff kamp for oss, seier marknadskonsulent for Hødd, Lars-Petter Rønnestad.

– Godt med folk

 Lars-Petter Rønnestad

GOD STEMNING: Marknadskonsulent for Hødd IL, Lars-Petter Rønnestad, ventar god stemning på stadion.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Før lokaloppgjeret har over 70 frivillige jobba på Høddvoll stadion for å førebu kampen, og Rønnestad ventar at mange tar turen på stadion for å støtte sitt lag.

– Me ventar rundt 2200 personar, så det blir god stemning og godt med folk. Lokaloppgjera er viktige kampar som begge lag ynskjer sterkt å vinne, seier Rønnestad.

Og så er det vel ekstra god stemning når det er mot KBK?

– Det er klart det lagar ei ekstra god ramme med mange bortesupporterar her, og så er jo «Blåsarane» syngande og i god stemning, så dette blir bra, seier Rønnestad.

Ventar tett og jamn kamp

Sindre Eid

JAMN KAMP: Hovudtrenar for Hødd, Sindre Eid, ventar ein jamn kamp mot KBK.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Før kampen ligg Hødd på 2.-plass på tabellen med 21 poeng, og KBK ligg på ein 6.-plass med 15 poeng. Hovudtrenar for Hødd, Sindre Eid, ventar at lokalderbyen blir tett og jamn.

– KBK er sjølvsagt motiverte, men det skal me også sørge for å vera. Me ynskjer å halde fram med å vinne fotballkampar og fortsette med å levere gode prestasjonar, og det skal me gjere også i dag, seier Eid.

– Me har førebudd oss godt. Me veit kva KBK kjem med, og me satsar på at våre kvalitetar er gode nok i dag også, legg han til.

– Morosam utfordring

Christian Michelsen

TØFF UTFORDRING: KBK-trenar Christian Michelsen ventar ein tøff utfordring i dagens kamp mot Hødd.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

KBK-trenar Christian Michelsen ventar også ein tett kamp og eit realt 1. divisjonsoppgjer.

– Me har førebudd oss slike me pleier å gjere, men me veit at me møter eitt av dei beste laga i 1. divisjon, og me møter kanskje det laget som er i best form av dei alle, seier Michelsen.

– Me får oss ein kjempetøff og morosam utfordring her i dag. seier han.

De treng jo desse poenga, så er de ekstra motiverte før denne kampen?

– Me veit at det går eit tog snart, så viss ein ynskjer å henge med heilt oppe så treng me poeng. Uavhengig av resultatet i dag så er det tidlig i sesongen endå, men me tar med oss det me får, seier Michelsen.

Følg kampen:

Laster innhold, vennligst vent..