Barndommen var eit mareritt for syskenflokken på fem. Dei vaks opp på Sunnmøre på 50- og 60-talet med ein valdeleg far som plaga dei fysisk og psykisk. Sjølv om «alle» visste kva som foregjekk, opplevde dei at ingen vaksne greip inn.
Nyleg blei heimkommunen Ulstein dømd til å betale dei eldste syskena 6,6 millionar kroner i erstatning.
Tysdag bestemte eit samrøystes formannskap i kommunen at saka blir anka til Høgsterett.
– Vi meiner at slike saker må bli behandla av rettsvesenet, likt over heile landet. Det viktigaste for oss var å få ei snarleg avklaring i ankespørsmålet, seier ordførar Stian Skorgen Scheide (H).
– Kor vanskeleg var det å kome fram til denne avgjerda?
– Dette er ei sak som har pågått over ganske mange år, og det er ikkje lett verken for kommunen, og i alle fall ikkje for syskena som er involverte. Difor er det viktig for oss å kome til ei snarleg avklaring, seier han.
I ei pressemelding skriv kommunen at dei har fått klare tilrådingar frå forsikringsselskapet og advokaten til kommunen om å anke.
Ordførar Stian Skorgen Scheide i Ulstein.
Foto: Synnøve Hole / NRK– Tragisk
Der er Mette Yvonne Larsen som representerer dei fem syskena. Dei to yngste fekk litt over 4 millionar kroner i fjor vår. I tillegg måtte kommunen betale alle utgifter til rettssakene for dei.
No må dei tre eldste truleg gjennom endå ein rettsrunde, dersom Høgsterett seier ja til å behandle anken.
– Tragisk, då må syskena vurdere ein motanke, skriv Larsen til NRK.
Ho hadde håpa å få sett punktum i saka tysdag.
Advokat Mette Yvonne Larsen representerer syskenflokken på fem.
Foto: Mirwais MoquimAlle sa ja til anke
Sju politikarar møtte på Ulstein rådhus tysdag morgon for å avgjere spørsmålet om anke. Møtet starta med ei orientering frå advokaten til kommunen.
Debatten gjekk for lukka dører utan presse eller publikum.
Dette tok nesten to timar, før politikarane var klare til å opne dørene og votere.
Formannskapet i Ulstein avgjorde saka tysdag morgon.
Foto: Synnøve Hole / NRKEndeleg avklaring først før jul
Det er ankeutvalet i Høgsterett som avgjer om saka skal behandlast i retten endå ein gong. Høgsterett slepper berre inn saker som er av prisipiell karakter.
Advokat Terje Marthinsen, som representerer Ulstein kommune, meiner det er stor sjanse for at det blir ein ny rettsrunde. Han viser mellom anna til at dommen i lagmannsretten ikkje var samrøystes.
– Eg trur det er relativt stor sansynlegheit for at Høgsterett vil sleppe inn anken til behandling. Lagmannsrettens dom avvik på ei rekkje punkt frå tidlegare dommar, seier han.
Ingen av syskena var til stades i formannskapet tysdag.
Syskena saksøker kommunane
I 2018 saksøkte syskena, ved hjelp av advokat Mette Yvonne Larsen, Hareid og Ulstein kommune og bad om erstatning.
Er saka forelda?
Tingretten sa då at dei ikkje ville behandle saka fullt ut før dei hadde svar på om ho var forelda – altså at det som hadde hendt var for lenge sidan til at retten kunne seie noko om det.
Ja!
I oktober 2020 kom retten fram til at saka var forelda.
Øvrelid-syskena anka avgjerda til lagmannsretten.
Ikkje forelda likevel
Lagmannsretten meinte våren 2022 at saka ikkje var forelda og at syskena dermed kunne be kommunane om erstatning.
Høgsterett sa nei
Hareid og Ulstein kommune anka avgjerda til Høgsterett. Dei sa likevel nei til å sjå på saka, fordi ho ikkje var prinsipiell nok.
Ei full rettssak
Dermed vart erstatningssaka fullt ut behandla i Frostating lagmannsrett like før jul 2022 – fire år etter søksmålet kom.
- Josef Benoni Ness Tveit
Dom i lagmannsretten
Dommen i Frostating lagmannsrett kom i mars 2023: Dei to yngste syskena fekk erstatning frå kommunane. Dei tre eldste fekk ikkje erstatning. Avgjerda blei anka til Høgsterett.
- Josef Benoni Ness Tveit
Opphevar dommen
I september 2023 blei det kjent at Høgsterett opphevar heile dommen frå lagmannsretten for dei tre eldste syskena. Dei fekk dermed opp saka si til ny behandling i Frostating lagmannsrett våren 2024.
- Mia Sofie Ytreberg / NRK
Fekk erstatning
I juni kom Frostating lagmannsrett til at også dei tre eldste syskena hadde rett på erstatning. Dei fekk om lag 6,6 millionar.
- Josef Benoni Ness Tveit
Kommunen anka
I juli 2024 bestemte kommunestyret i Ulstein at dei også ville anke denne dommen.
- NRK
Får ikkje fremma anken
26. november 2024 har Høgsterett bestemt at dei ikkje vil behandle ankesaka. Dermed må Ulstein kommune ut med millionar.
Med dette er det sett endeleg punktum for saka etter fleire år i rettssystemet.