Hopp til innhold

Saudi-arabisk eigar i Eirawater


Eit investeringsselskap frå Saudi-Arabia har kjøpt seg inn og blir hovudaksjonær i vassprodusenten Eirawater i Eresfjord i Nesset. Dei nye eigarane kjem inn med ny kapital, ny kompetanse og avansert teknologi, skriv RBnett. Flaskene med vatn frå Syltebøkjelda i Eresfjord får ny design og kjem i produksjon 20.april, opplyser dagleg leiar Harald Dahl til NRK.

Eirawater ny flaskedesign fra 20.april
Foto: Eirawater