Hopp til innhold

Mattilsynet: – Dette er ikkje greit

Når studentane i Volda opnar den tradisjonelle Veka, brukar dei to levande sauer som gimmick. Mattilsynet reagerer.

Sau

Dei to sauene vart brukt som ein gimmick når Veka i Volda opna.

Foto: NRK

To sauar stod torsdag i gjerde utanfor studenthuset Rokken i Volda. Forbipasserande meiner at gjerdet var lite, og vart uroa for dyra. Det er også Mattilsynet. Dei likar ikkje det dei ser.

– Dette er ikkje i tråd med retningslinjene når ein skal vise fram dyr, seier Anne Stine Foldal Aam.

Ho er seksjonssjef i Mattilsynet på Sunnmøre. Det Mattilsynet reagerer på er at sauene er trongt plassert i eit gjerde på betongunderlag, med trafikk som går forbi. Ho fryktar at sauene vert stressa.

Anne Stine Foldal Aam.

Anne Stine Foldal Aam i Mattilsynet reagerer på korleis sauene står plassert utanfor studenthuset i Volda.

Foto: Øyvind Johan Heggstad. / NRK

Fekk mat og vatn

Camilla Haugland, leiar i Veka, seier at dei har vatn og mat til sauane som dei får når det trengst.

– Sauane har det fint. Vi har høy, pellets og vatn som vi gir dei når vi kjenner det trengst. Og dei har god nok plass, seier Haugland.

Ingen fest for sauane

Ho fortel at bonden som eig sauane var med å plasserte dei der, og at han henta dei etter tre timar.

– Dette er ein roleg kveld med premiere til Veke-revyen, og det vil ikkje vere full fest framfor sauane, seier Haugland.

Veka i Volda har vore ein tradisjon i 29 år, og gimmicken rundt veke-sauen har vore med sidan starten. Men ikkje før no har dei brukt levande sauer.

– Eg leverte dei mette og gode

Ragnar Aarflot (57) er bonden som lånte ut sauane til Veka. Han syns at det er bra at folk bryr seg om sauane, men at det er ingen grunn til uro.

– Begge har fått mat heile dagen, og i tillegg fekk dei med seg enda meir opp til Rokken. Dei stod der i tre timar, mette og gode, i sju varmegrader i tillegg til å ha varmelampar ståande ved sidan av. Desse sauane er heller ikkje drektige, seier Aarflot.

– Spanande for dyra

Han fortel at det gjer ingenting at sauane står ute, og at det heller er ein berikelse for dei å stå der å kike på studentar. Bonden meiner at dette er ein misforståing, og at dyra har det veldig bra.

– Dei har god nok plass. Dei kan også leggje seg ned om dei vil det. Når ein skal frakte sauar har ein lov å ha dei mykje trongare enn dette i heile åtte timar. Mens her står romslegare i berre tre timar, seier Aarflot.

Han fortel at dette er to sosiale og rolege dyr som har det bra. Aarflot har arbeidd med sauer sidan han var ti år gammal, og meiner at han veit kva han snakkar om.

Mattilsynet vil likevel ta saka vidare. Dersom sauene skal halde fram å stå der, vil dei kontakte bonden og studentane.

Veka i Volda

Vekesauen har vore med i 29 år. I år er første gongen at levande sauer vert brukt i promoteringa.

Foto: Veka