Hopp til innhold

Sandøy kommune taper på at vindparken til havs ikkje kjem

Sandøy kommune taper rundt 30 millionar kroner årleg når vindparken Halvsul ikkje vert noko av.

– Eg trudde verkeleg på prosjektet, seier ordførar Hans Endre Sæterøy.

Hans Endre Sæterøy

Ordførar Hans Endre Sæterøy er skuffa over at vindkraftparken Havsul utanfor Sandøy ikkje vert noko av. Kommunen vil tape 30 millionar kroner årleg.

Foto: Roar Strøm / NRK

Vindmølle til havs

Den planlagte vindkraftverket til havs utanfor Harøy i Sanødy kommune, vert ikkje noko av. (illustrasjonsfoto)

Foto: Frank Augstein / Ap

Vestavind Offshore har sett utbygginga av vindmøller til havs på vent, fordi dei ikkje finn det økonomisk forsvarleg. Dermed vert det ingenting av vindparken Havsul som skulle stå i sjøen utanfor Sandøy kommune.

– Vi hadde håpt at vi skulle få inntekter på vindparken, det var jo avtalen, seier ordførar i Sandøy, Hans Endre Sæterøy.

Ekstra bidrag til Nordøyvegen

Sandøy kommune skulle få rundt 30 millionar kroner i ein årleg kompensasjon for bruk av sjøområda, når vindparken var fullt utbygt.

Deler av pengane skulle gå til Nordøyvegen, og dersom planane vart realisert såg politikarane for seg å gi 10 millionar årleg til fastlandssambandet. Dette er ikkje pengar Nordøyvegen har rekna med i sine budsjett og vil ikkje få konsekvensar for dei.

– Dersom vi fekk inn pengane ville vi synleggjere at vi ville stille opp endå meir for Nordøyvegen, forklarar ordføraren.

LES OGSÅ:

Hadde trua

Ordføraren synest likevel det er synd at vindparken ikkje vert noko av og at draumane om å bidra ekstra vert skrinlagt. Han vart overraska då beskjeden kom om at vindparken likevel ikkje vert noko av.

– Berre få månader sidan var det stor vilje til å bygge vindparken. Eg trudde på ei utbygging, seier Sæterøy.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL