Buss var fem sekund frå å bli tatt av ras – Geiranger isolert igjen

Endå eit stort ras har gått i Geiranger på Sunnmøre. Det heldt nesten på å ta Steinar Maråk og bussen hans.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre sekund frå å bli tatt av eit snøskred i Geiranger i dag.

Steinar Maråk og bussen han køyrde var berre få sekund frå å bli teken av eit snøskred i Geiranger i dag. Her ser du dramatikken filma frå avstand. Det er Hans Martin Homlong og Mari Lattik som filmar og snakkar.

– Eg såg ingenting før eg kom ut av den første svingen. Då såg eg at fonna hadde gått, seier Maråk til NRK.

Videoar tatt av Hans Martin Homlong og sambuaren Mari Lattik viser at Maråk – som var åleine i bussen han køyrde – var svært kort tid unna å bli tatt av raset.

– Dei snakka om 10 sekund, men det kan ha vore endå knappare margin, seier Steinar Maråk.

– Vi vart redde

Homlong og Lattik opplevde hendinga – som skjedde i 16-tida onsdag – frå distanse. Dei vart vettskremde då dei såg at ein buss køyrde på vegen då dei såg raset begynte å gå nedover fjellsida.

I klippet som du ser øvst i saka ser du korleis dei reagerte då dei såg bussen.

– Han er rett under no, seier Lattik.

– Køyr, køyr, køyr, manar ein nervøs Homlong.

I ettertid utdjupar han til NRK at han frykta det verste.

– Eg tenkte at dette kunne gå verkeleg gale. Heldigvis kom bussen seg akkurat forbi i tide, seier Homlong.

– Vi var redde. Raset kom i stor fart, supplerer Lattik.

I samtale med NRK anslår dei at bussen var fem sekund frå å bli tatt av raset.

Ras Geiranger

Det store raset i Geiranger onsdag førte heldigvis ikkje til personskadar.

Foto: Tipsar

Isolert igjen

Det store raset som delte seg i to var det tredje større raset i Geiranger på Sunnmøre på kort tid. Då det andre gjekk var det personar rett i nærleiken.

Det første gav derimot størst konsekvensar. For 15 dagar sidan vart bygda nemleg fullstendig isolert. Den gongen mangla turistbygda også straum, internett, mobilnett og naudnett.

Desse tinga er på plass no, men bygda er uansett isolert fram til det blir sett inn beredskapsferje. Klokka 18.00 onsdag blir det meldt at ferja ikkje begynner å gå før torsdag morgon.

Det betyr at Steinar Maråk etter alt å døme ikkje kjem seg heim i dag.

Opnar ikkje i dag

Snart 64 år gamle Maråk har budd i Geiranger heile livet. No sit han i nabobygda Eidsdal og ser an situasjonen.

Maråk har køyrt buss i 25 år.

– Det har aldri skjedd at eit ras har tatt ein buss her inne tidlegare, seier Maråk.

Men denne gongen var det altså ikkje mykje om å gjere.

Statens vegvesen melder i 17.30-tida onsdag at vegen til Geiranger ikkje blir opna før tidlegast torsdag.

Ifølgje Thomas Holte, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, er det ikkje grunn til å tru at andre personar eller køyretøy er tatt av raset.

PS. Klokka 20.45 melder vegvesenet at den første beredskapsferja går frå Hellesylt klokka 08.30 torsdag. Den første avgangen frå Geiranger går éin time seinare.

Turister ved cruisekaia i Geiranger

Geiranger er eit svært attraktivt turistmål om somrane. Men denne vinteren har vore tøff for den vesle bygda på Sunnmøre. Berre sidan midten av januar har det gått tre større ras, i tillegg til at bygda har vore utan straum, mobilnett, internett og naudnett i lange periodar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK