Hopp til innhold

Sa ja til reinseanlegg

Kommunestyret i Ålesund sa ja til å gå vidare med eit felles avløpsreinseanlegg på Kvasneset i Sula med 44 mot 33 stemmer. Tidlegare denne veka vann forslaget fram i kommunestyret i Sula. Saka har vekt stor debatt. Mange fryktar at reinseanlegget blir for dyrt og vil oppgradere eksisterande anlegg. Andre er redd at utsleppa frå avløpet skal føre til forureininga av fjorden. Ålesund bryt i dag lova fordi dei slepp kloakk og forureina vatn i fjorden. Statsforvaltaren truar med byggeforbod dersom problemet ikkje blir løyst. Prisen på anlegget er rekna til 1,1 milliardar kroner.

Kvasneset i Sula der det er planlagt renseanlegg.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto