Hopp til innhold

Konfliktfylt debatt enda med ja til gondolbane i reiselivs-magnet

Romsdalen er kjend for stupbratte fjell og kvasse tindar. Kommunen ønskjer området skal vere i Noregs-toppen som reisemål for friluftsglade menneske. Frå våren 2021 kan folk kome til topps med ei ny gondolbane.

Nesaksla

Nesaksla ligg på sørsida av jarnbanestasjonen, medan Åndalsnes sentrum ligg på nordsida.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Frå før har Rauma både Trollstigen, Trollveggen, Romsdalseggen og majestetiske Romsdalshorn. Torsdag kveld sa kommunestyret i Rauma ja til at private aktørar kan byggje gondolbane mellom sentrum av Åndalsnes og fjellet Nesaksla.

Heile 22 representantar stemte for gondolplanane og 5 stemte imot, i denne oppheita saka i Rauma.

– No blir spaden sett i jorda pånyåret om utbyggjarane får det som dei vil ha det, seier ordførar i Rauma, Yvonne Wold.

Wold trur utviklinga no kjem til å skje i eit hurti tempo, slik at gondolbanen står klar sommaren 2021.

Utsikt frå Nesaksla

Slik er utsikta for dei som kjem seg opp til toppen av Nesaksla. No er det laga trapper og stiar for dei som vil heilt opp. I 2021 blir det mogleg å nå toppen ved å ta gondolbane.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– No byrjar bygginga

Debatten varte i fire timar. Oddbjørn Vassli i selskapet Romsdalen AS var storfornøgd med vedtaket.

Gondolbane Åndalsnes Rauma

Slik ser utbyggingsselskapet for seg at gondolbanen kjem til å sjå ut.

Illustrasjon: Romsdalen AS

– No har vi stressa og skaffa pengar til gondolen. No har vi fått ein godkjend reguleringsplan. Så skal vi ta til med bygginga av gondolen. Gondolbana er eitt av fleire tiltak for å gjere Romsdal og Åndalsnes til ein sentral destinasjon for reiseliv seier Vassli.

Korleis skal dette bli?

– Gondolbana kjem til å bli kjempeflott. Bana skal gå frå Åndalsnes sentrum og opp på fjellet. Det blir utsiktspunkt, stiar og klatreruter. Det blir som ein opplevelsespark for dei som kjem opp på toppen, seier den entusiastiske utbyggaren.

Konfliktfylt

Debatten har gått heftig i Rauma i forkant av vedtaket. Ordførar Yvonne Wold (SV) har vore blant motstandarane.

Ordførar Yvonne Wold

Ordførar Yvonne Wold stemte imot, men vil no arbeide for at prosjektet blir gjennomført.

Foto: Sissel Brunstad / NRK
Oddbjørn Vassli

Oddbjørn Vassli i selskapet Romsdalen AS var hoppande glad då vedtaket var gjort.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– No fokuserer eg ikkje på det. Eg er ordførar i Rauma og skal gjennomføre det fleirtalet i kommunestyret har bestemt, seier Wold.

Frykta til motstandarane er at pendelbana kan øydelegge turen over fjellpartiet Romsdalseggen.

Nasjonal turiststi

Bana skal gå frå Åndalsnes sentrum til fjellet Nesaksla, som er ein del av traseen til Romsdalseggen. Turen har blitt svært populær dei siste åra og vert av mange rekna som å vere ein av landets finaste fjelltur. Kommunen har også søkt om at Romsdalseggen skal bli Nasjonal turiststi.

Enkelte friluftsfolk er svært kritisk og meiner at ei pendelbane legg til rette for cruiseturistar som ikkje legg att pengar, i staden for opplevingsturistar som kan vere i byen i fleire dagar.

Utbyggjarane på si side meiner at gondolbana fører til fleire arbeidsplassar og ei positiv utvikling for reiselivet. Fleire andre stader i landet har gondolbane blitt ein stor suksess.

Prosjektleiar trekte seg

Gondolbana har vore heftig diskutert i fleire månader. Denne veka trekte Mari Melbø Rødstøl seg frå stillinga som prosjektleiar for Berekraftig reisemål i Rauma. Ho meiner planane om gondolbane og målet om å auke cruiseturismen, ikkje samsvarar med prinsippa om berekraftig reisemål.

Gondol i Rauma

Her debatterer Rauma kommunestyre gondolsaka torsdag kveld.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Suksess

Det er selskapet Romsdalen AS som skal stå for bygginga av gondolbana.

– No skal vi gjere anlegget til eit allment eige i Rauma. Det skal bli ein suksess. Opninga skal bli på laurdag i palmehelga, 27. mars 2021. I og med vedtaket som er gjort no så skal vi klare det, seier Oddbjørn Vassli.

Gondol-planer på Åndalsnes

Slik ser utbyggaren for seg at gondolbana vil sjå ut frå Nesaksla.

Illustrasjon: Jensen & Skodvin Arkitekter

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL