Hopp til innhold

Må permittere tilsette etter stenginga av Trollstigen: – Dette er ikkje noko artig

Eigaren av campingplassen og kafeen på Trollstigen må permittere nesten alle tilsette etter at turistvegen blei stengd. Men samferdselsministeren kan ikkje love pengar

Edmund Meyer ved Trollstigen camping. Han har på ei t-skjorte med trykk av Trollstigen, og viser oss den tomme avtaleboka etter vegstenginga.

AVBESTILLINGAR: Avtaleboka til campingeigaren har sjeldan vore så tom i slutten av juni.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Det er stillare enn vanleg på campingplassen ved foten av den ikoniske Trollstigen.

Førre veke blei det kjent at den nasjonale turistvegen er stengd resten av året. Grunnen er at eit steinsprang rasa nedover fjellsida og trefte ein bil, berre dagar etter at vegen opna for sesongen.

Vanlegvis ville det vore stinn brakke både på campingen og på kafeen på toppen av Trollstigen mot slutten av juni. Slik er det ikkje no.

– I dag er her tre bussar. Det er sjølvsagt ikkje nok til å betale lønna til dei som er på jobb, dessverre.

Det seier Edmund Meyer, som eig og driv kafeen og campingplassen. Han har no sett seg nøydd til å heilt eller delvis permittere opp mot 48 av 55 tilsette.

Trollstigen camping

Det vrimlar ikkje av turistar på Trollstigen camping tidleg denne sommaren.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK
  • Du kan høyre intervjuet med campingeigar Edmund Meyer i radioprogrammet Dagens på P1 her.

Samferdselsministeren på besøk

Fylkeskommunen har bedt Samferdselsdepartementet om eit hastemøte om Trollstigen. Dei seier det hastar å få i gang rassikringstiltak. Men dei har ikkje pengar til å betale for det sjølve.

Onsdag ettermiddag kom samferdselsministeren for å høyre meir om forholda på turistvegen.

Fylkesordfører Anders Riise (H) under debattbudsjetten i fylkesutvalget i Møre og Romsdal november 2023.

Fylkesordførar Anders Riise (H) seier fylkeskommunen ikkje har meir pengar til rassikring. Dei meiner staten må på bana.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fylkesordførar Anders Riise (Høgre) seier det er viktig for dei at statsråden forstår behovet for å sikre Trollstigen.

– Det kunnskapsgrunnlaget vi no overleverer, må han ta med tilbake til regjeringa. Eg trur regjeringa ser at dette er nødvendig å vere ein bidragsytar til å få til.

Forventar du nokon lovnader i ettermiddag?

– Nei, ingen konkrete lovnader. Vi tippar dei skal ta det med seg tilbake og vurdere det, og sjå kva dei kan klare å få til. Eg tenker ikkje at dei kjem med midlar i dag, seier fylkesordføraren.

Kunne ikkje love pengar – men er på gli

Det vil koste 50 millionar kroner å rassikre Trollstigen slik at vegen kan bli opna til neste år.

Nede ved bommen som markerer at Trollstigen er stengd, hadde samferdselsminister Jon Ivar Nygård Ap) ingen lovnader å kome med. Men han sa heller ikkje nei.

– Vi er jo her for å lytte og for å sjå kva vi kan bidra med. Så er det viktig å understreke at dette er ein fylkeskommunal veg og eit fylkeskommunalt ansvar. Vi skal gjere våre vurderingar, men det er ikkje sånn at Staten kjem inn og tar over fylkeskommunen sitt ansvar.

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) besøker Trollstigen.

Samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) fekk sjå Trollstigen onsdag ettermiddag, men kunne ikkje love pengar.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Men etter møtet som gjekk for lukka dører, opplevde både fylkesordføraren i Møre og Romsdal og ordføraren i Rauma at samferdselsministeren var på gli, og at han opnar for eit spleiselag.

– Det er nye signal frå førre veke då det blei kontant avvist. Eg trur at både staten og fylket må kome på banen fordi næringslivet her er så hardt ramma. Skal vi ha ein full turistsesong i 2025 så må vi starte ganske fort, sa Anders Riise.

Og ordføraren i Rauma, Yvonne Wold (SV), meiner det må vere mogleg å finne ei rask løysing sjølv vi no går inn i ferien.

– Eg forventar at vi finn ei felles løysing, og det er det signalet som er gitt både frå statsråden og frå fylkesordføraren.

Forventar hjelp

Camping- og kafeeigar Meyer meiner at politikarane no må få ting til å skje, og det fort. Allereie har han mista 80 prosent av bestillingane sine, og han anslår at han har tapt rundt 12 millionar kroner.

– Dette er ikkje noko artig. Ein kan ikkje berre stenge Noregs mest besøkte turistveg utan at noko skjer. Det likar eg ikkje, seier han.

No har Meyer klare forventningar til Samferdselsministeren, som besøker Trollstigen i ettermiddag.

– Eg vil ha signal på at det er nokon ordningar som kan hjelpe oss litt. Det er det eg forventar å få når ministeren kjem på besøk. Du kan ikkje berre la oss betale heile kalaset og gi blaffen. Det går ikkje an.

Edmund Meyer ved Trollstigen camping. Han har på ei t-skjorte med trykk av Trollstigen.

Edmund Meyer er bekymra for framtida til reiselivsbedriftene rundt Trollstigen, dersom det ikkje blir sett i verk tiltak for rassikring fort.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Kjem du til å møte Samferdselsministeren når han kjem til Trollstigen?

– Nei, det gjer eg ikkje. Viss han har lyst å snakke med meg så er han hjarteleg velkomen. Han veit kvar eg er.

Satsar på lokale turistar

Medan han ventar på politiske avgjerder og rassikringstiltak, slik at turistbussane igjen kan strøyme oppover dei knappe svingane, satsar Meyer på dei norske turistane.

Eit gult skilt er sett opp ved Trollstigen camping i Isterdalen for å fortelle turistar at vegen er stengd.

Turistane som besøker Trollstigen frå Åndalsnes-sida blir varsla om at vegen er stengd.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Vi stenger ikkje døra endå. Vi håpar at litt merksemd gjer at vi kanskje får litt meir besøk. Når det er fint vêr så kjem romsdalingane, sunnmøringane og nordmøringane på tur.

Men det er ingen sikker inntektskjelde, seier Meyer.

– Kva skal vi gjere når det regnar? Då er det turistgruppene som held oss i arbeid. Viss dei ikkje er her er det nesten ingenting å gjere.