Hopp til innhold

Loen Skylift har ført til 80 prosent auke

Hotelleigar Richard Grov er overvelda over kva effekt Loen Skylift har hatt for tilstrøyminga av turistar til indre Nordfjord. – Det er slik at vi må klype oss i armen for å forstå kva som har skjedd.

Loen Skylift

HAR OVERGÅTT PROGNOSANE: Trafikken med Loen skylift har ført til stor auke i omsetnaden for turistbedriftene i Loen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Hotel Alexandra, Loenfjord Hotel, Loen Active, Hoven restaurant og Loen Skylift hadde i juli ein omsetnad som er 80,6 prosent høgare enn bedriftene Grov styrer hadde i same månaden i fjor.

Loen Skylift og restauranten på Hoven vart opna i mai i år, og trafikken har overgått dei mest optimistiske prognosane, seier Grov.

– Held vi utanom Loen Skylift og Hoven restaurant har vi framleis ein auke på rundt 30 prosent. Vi hadde gode sesongar både i fjor og i 2016, og vi var spente på om vi kunne toppe 2016, men det har vi gjort.

Utsikt frå skylift loen

«ALLE» VIL HIT: På tre og ein halv månad har Loen Skylift frakta 76.000 passasjerar opp til Hoven.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Trafikk avlar trafikk

Han siterer faren sin, Eivind Grov, på at trafikk avlar trafikk, og han har indikasjonar på at Loen Skylift har hatt påverknad på trafikken langt ut over Loen.

– I sommar meiner vi at vi har greidd å bevise utsegna om at trafikk avlar trafikk, ikkje berre i Stryn. I Geiranger-området, i Gloppen og på Skei og i Sogn dreg dei nytte av den auka trafikken.

Ein indikasjon på kor stor tilstrøyminga til indre Nordfjord har vore er eit teljepunkt på Rake på vegen mellom Stryn og Loen. Der var årsdøgntrafikken i juli i fjor 4000. I juli i år har den vore på 5000 bilar, ein auke på 25 prosent.

Frå opninga 20. mai til torsdag 7. september har Loen Skylift hatt 142.000 påstigingar og 76.000 gjester.

Hotelldirektør ved Alexandra

– MÅ TA TENKEPAUSE: Hotelleigar Richard Grov.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Ny situasjon for oss

Auken i omsetnad er så stor at Richard Grov slit med å kommentere tala.

– Dette er ein litt ny situasjon for oss. Vi må ikkje gløyme at vi har investert ei uhorveleg mengd pengar. Mange har vore skeptiske, men vi har heile tida meint at dette ville få ein boost på veldig mykje, og det har slått til. No må vi sjå på korleis vi skal tenke framover.

– Når det blir så store tal må vi ta ein pust i bakken og tenke oss litt om kva vi gjer framover. Dette gjer oss i stand til å løfte inn nye investeringar og realisere planar og draumar for framtida raskare, seier Grov.

Alexandra og Loenfjord i Loen

HAR TOPPA 2016: Hotel Alexandra og Loenfjord Hotel hadde gode sesongar i 2015 og 2016, men dette året er endå betre.

Foto: Harald Walderhaug / Hotel Alexandra

– Lokalt eigarskap

Han er stolt over at satsinga på Loen Skylift har endra reisemønsteret.

– Og dette har vi fått til med lokalt eigarskap, det er det viktig for oss å få med.

No er håpet at Loen Skylift skal få god effekt på trafikken utanom dei tre store turistmånadene juni, juli og august.

Beate Vik Hauge

– FLEIRE UTLENDINGAR I 2018: Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord.

Foto: privat

– Loen Skylift skal vere open heile året. No planlegg vi vinteraktivitetane våre, og denne vinteren skal vi vinne erfaring. Dette er i praksis sesongforlenging.

Beate Vik Hauge i Visit Nordfjord seier at det denne sommaren har vore ein stor auke i talet på utanlandske turistar i Nordfjord, medan det har vore nedgang i talet på nordmenn.

– Og alt tyder på at det blir endå fleire utanlandske turistar i 2018. Talet på cruiseskip til Olden blir det same som i år, men skipa blir større, og talet på passasjerar aukar frå 140.000 i år til 160.000 neste år.