Hopp til innhold

– Spa og gondol på Romsdalseggen er vulgært

Romsdalseggen blir rekna for å vere ein av landets vakraste fjellturar. No kan det bli gondolbane og spaanlegg i traseen. Planane møter massiv motstand frå friluftsfolk.

Utsikt frå Nesaksla

Planen er å bygge gondol til Nesaksla i Rauma. I tillegg skal det byggast restaurant, overnattingstilbod og fjellspa. Nesaksla er ein del av traseen til Romsdalseggen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Cruiseturistane myldrar i gatene i Åndalsnes, men skipet ligg til kai for kort tid til at passasjerane kan gå opp på det 715 meter høge fjellet Nesaksla. Den populære stien går frå sentrum, og er ein del av traseen til Romsdalseggen. Om eit par års tid kan turistar med dårleg tid likevel få med seg den spektakulære utsikta frå Nesaksla. Kommunen planlegg å bygge gondolbane.

– Vi som turistar hadde brukt gondolen visst den var bygd, men eg trur ikkje dei som bur her vil ha den, seier Leoine Hoffmann (18), som er på cruise saman med foreldra sine.

Larissa, Leonie og Thomas Hoffmann

Larissa, Leoine og Thomas Hoffmann er cruiseturistar frå Tyskland. Dei skulle gjerne ha nytta seg av gondol dersom den fanst.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Vulgært

Det har blitt snakka om gondol sidan 1960-talet, men først no nærmar det seg ein realitet. Planen er også å bygge spa, restaurant og overnattingstilbod på Nesaksla. Meiningane om prosjektet er delte og i sommar har debatten tilspissa seg.

Eventyrar og forfattar Stein P. Aasheim er ikkje nådig i kritikken. Han ser av teikningane at stien over Romsdalseggen går rett gjennom baren på spahotellet.

– Ei cruisebasert gondolbane til eit spahotell på ein fjelltopp er vulgært og trist, seier Aasheim.

Han etterlyser ei konsekvensutgreiing av kva inngrepet vil bety for Romsdalseggen.

Stein P. Aasheim med Nesaksla bak seg

Friluftsmann Stein P. Aasheim er kritisk til kommunen sine planar om gondolbane. I bakgrunnen på bilete er Nesaksla.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fokus på opplevingar

Aasheim, saman med ei rekkje andre friluftsfolk, meiner at kommunen med alle fjelltoppane har feil fokus på reiselivssatsinga. Dei meiner at kommunen må satse på opplevingsturistar som legg att meir pengar, i staden for masseturisme.

– Rauma kunne blitt Nord-Europas opplevingssenter, i staden for å bli ein cruise- og gondoldestinasjon, seier Aasheim.

Skal skape fleire arbeidsplassar

Lars Olav Hustad (H) er ordførar og styreleiar i selskapet Romsdalen, som jobbar for å realisere gondolplanane. Han avviser kritikken frå Aasheim og seier at pendelbana slett ikkje blir bygd for cruiseturistane.

–Det sjølvsagt eit tilbod til dei også, men det er først og fremst eit tilbod til alle som ferdast i regionen, seier Hustad. Han viser til gondolbana i Loen i Sogn og Fjordane som har blitt ein stor suksess. Der er berre 11 prosent av dei besøkande cruiseturistar, ifylgje Hustad.

Rauma er ein reiselivskommune med om lag ein million besøkande kvart år, men verdiskapinga frå reiselivet er for dårleg, meiner Hustad. Han trur gondolbana vil føre til fleire arbeidsplassar.

– Det blir store ringverknader med meir overnatting og meir handel, som er sårt tiltrengt, seier Hustad.

Lars Olav Hustad

Lars Olav Hustad er styreleiar i selskapet Romsdalen AS, som jobbar for gondol. Han meiner satsinga blir bra for kommunen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Fullare i traseen

Romsdalseggen blir besøkt av ca. 50.000 i året, og med gondol kan talet vekse til 150.000, ifylgje kommunen.

Sigurd Singelstad er på veg ned frå Nesaksla etter ein tur over Romsdalseggen. Han synest debatten er vanskeleg.

– Gondolen er fint for dei som kjem med turistbåtane, men for dei som går på fjellet blir traseen endå meir trafikkert. Det er eit vanskeleg dilemma, seier Singelstad.

Eit samrøystes kommunestyre har godkjent kommunedelplanen med gondol. Den planen er no sendt ut på høyring.

Sigurd Singelstad

Sigurd Singelstad synest gondoldebatten er vanskeleg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK