Hopp til innhold

Rykker ut oftare enn før

Hjelpekorpsa til Røde Kors har hatt like mange oppdrag i første halvår som i heile fjor.

Røde Kors

Sykkylven Røde Kors Hjelpekorps var på henteoppdrag ved Fausateighornet søndag.

Foto: Røde Kors

– Det er jo dette vi øver til. Så vi er glade for å bli brukt, seier Irene Kvangarsnes Flaaen, koordinator for hjelpekorpsa i Møre og Romsdal.

Irene Kvangarsnes og Jon Ervik

Irene Kvangarsnes Flaaen og Jon Ervik er glade for at hjelpekorpsa blir kalt ut på fleire oppdrag.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ho seier at dei sjølvsagt rykker ut på dei klassiske leiteaksjonane. Men no er det også ein kraftig auke i talet på henteoppdrag som hjelpekorpsa utfører for helseføretaket.

Allereie i juni hadde hjelpekorpsa hatt like mange oppdrag som i heile fjoråret.

Hektisk aktivitet i fjellet

Søndag var hjelpekorpsa i aksjon både i Sykkylven og i Tafjordfjella.

Seks personar rykte ut til Danskehytta i Tafjordfjella. Ein turgåar hadde blitt sjuk, og det var ikkje råd å gå dit med helikopter. Hjelpekorpsfolka overnatta saman med pasienten på hytta. Måndag fekk dei han med til lege.

Hjelpekorps Tafjordfjella

Hjelpekorpsa har hatt ei travel helg. Seks personar rykte ut då ein mann vart sjuk på Danskehytta i Tafjordfjella.

Foto: Røde Kors

Mange henteoppdrag

Hans Joakim Riise

– Hjelpekorpsa er viktige, seier Hans Joakim Riise ved AMK-sentralen.

Foto: Privat

– AMK brukar oss meir enn før, seier Irene Kvangarsnes Flaaen. I juli hadde hjelpekorpsa 25 oppdrag. Heile 22 av dei var henteoppdrag.

– Viktig del av tilbodet

Seniorrådgjevar Hans Joakim Riise ved AMK-sentralen er glad for all hjelpa dei får frå dei frivillige i hjelpekorpsa.

– Før måtte vi gå via politiet. No kan vi ringe rett til hjelpekorpsa. Eg trur det er bra. Hjelpekorpsa er ein viktig del av det totale redningstilbodet, seier han.