– Det har aldri vore meir bruk for oss enn no

I over 40 år har Arne Fausa vore i Røde Kors. Han ser at det vert stadig fleire oppdrag fordi folk ikkje har respekt for naturen.

Arne Fausa

For Arne Fausa har det blitt ein livsstil å bruke påska til å hjelpe andre.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Det er roleg stemning i Røde Kors-hytta på Sulafjellet. Her jobbar frivillige på skift i påska, for å hjelpe dei som vert skadde på påsketur. Det er også dei som styrer informasjonen for Møre og Romsdal, og koordinerer med hjelpekorpsa som er stasjonert i Ørsta, Sykkylven, Stranda, Sunndal og Rauma.

Arne Fausa er for veteran å rekne. Han har jobba som frivillig i Røde Kors i meir enn fire tiår og ser ei tydeleg utvikling. Oppdraga der Røde Kors må hjelpe til aukar. Fausa trur ein av grunnane er at fleire går på tur, men også at folk overvurderer seg sjølve.

– Dei har for lite respekt for turen dei tar laust på. Folk har for lite klede og for lite niste, seier Fausa. Han seier at særleg utanlandske turistar ikkje forstår kor krevjande turane kan vere.

Livsstil i påska

Jon Ervic

Jon Ervic seier at det å lukkast i ein redningsaksjon er drivkrafta på å halde fram det frivillege arbeidet.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Hittil i påska har det vore ein del skader både i skianlegga i Møre og Romsdal og utanfor anlegga. Røde Kors har også assistert folk som har blitt sjuke ute i terrenget.

– Vår viktigaste oppgåve i påska er å vere i beredskap og assisterte dersom folk blir skadd, seier Fausa. For han har det blitt ein livsstil å bruke påska på å hjelpe andre.

Jon Ervic er operativ leiar i Møre og Romsdal Røde Kors. Han har ikkje tal på kor mange han har hjelpt opp gjennom åra.

– Det du huskar best frå redningsaksjonane er kanskje tilbakemeldingane frå pårørande, der du får ein klem når du har lukkast, seier Ervic.

Tobias Fylling

Tobias Fylling er aspirant og skal lære både førstehjelp og søk.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

LES OGSÅ:

Under opplæring

Blant dei som er i beredskap på Sulafjellet er også Tobias Fylling. Han er aspirant og under opplæring. Han starta i Røde Kors i fjor og skal drillast i både førstehjelp og søk i naturen. Sjølv om det er mest spanande når det skjer noko, er det ikkje slik at han håper på action.

– Eg håper det er ei trygg påske for alle, seier Fylling.