Endringa står ikkje i ruteheftet, og skipper Harry Fjelle seier dei til tider får så øyrene flagrar, også frå uventa hald.
Frustrert prest
Sjølv presten rann det over for då han oppdaga at han ikkje kom til å rekke gudstenesta sist søndag. Ferja frå Hareid gjekk nemleg ikkje klokka 10, slik det står i ruteheftet.
– Han var rett og slett — sint, altså, seier Fjelle.
Presten er ikkje den einaste som har reagert. Sidan mai har mannskapet på ferja mellom Hareid og Sulesund fått gloser mot seg som slett ikkje høyrer heime i kyrkjetida.
Feil i ruteheftet
Ferjene "Melshorn" og "Vardehorn" går i sambandet Hareid-Sulesund.
Ruteendringa skjedde nemleg like etter at ruteheftet gjekk i trykken tidlegare i år, og det har ført til problem for mange andre enn presten som ikkje rakk preika.
Skipper Harry Fjelle skjønar at folk blir frustrerte når dei misser flyet sitt eller andre avtalar fordi ferja som står i ruteheftet ikkje går likevel.
Neppe nytt rutehefte
Og det kan bli mykje kjeft framover også, for med berre ei lita endring er det lite truleg at MRF vil trykkje eit heilt nytt opplag av ruteheftet før mai neste år.
Skipper Fjelle håper at frustrerte passasjerar klarer å styre sinnet framover. Spesielt kjedeleg er det å bli skjelt ut av ein prest.
– Han var i alle fall i eit heilt anna humør enn han burde vere i når han står på preikestolen.