Hopp til innhold

Rustar seg for skulestart

Politiet rustar seg for eventuelle situasjonar som kan oppstå ved skulestart. Før sommaren blei det førebyggande prosjektet kalla «Operasjon Hubro» starta opp etter fleire valdsepisodar knytt til ungdomsmiljøet i Ålesund, Giske og Sula.

Daniel Ludviksen (bildet), avdelingsleiar for etterretning og førebygging i Møre og Romsdal politidistrikt, seier at fleire av tiltaka dei har sett i verk har hatt effekt i løpet av sommaren.

– Vi har blant anna skaffa arbeid til ungdom i målgruppa. Dette har skjedd i samarbeid med kommunen. I tillegg har vi vore til stades i lokalmiljøet der dei unge er, auka patruljeringa og gått i dialog med ungdomane. Fleire har også vore under etterforsking og det har fått konsekvensar for nokre av dei, så det kan også ha hatt ei effekt, seier Ludviksen.

Politiet førebur seg likevel på ulike situasjonar som kan oppstå etter at skulane startar opp igjen.

– Sommaren har vore positiv, men no er det skulestart. Kriminalitetsbilde vil endre seg og nye relasjonar blir skapt, så vi er førebudd på både ei positiv og negativ utvikling. Når vi starta prosjektet visste vi at dette ikkje ville bli løyst på ein sommar. Det er eit langsiktig prosjekt og vi vil halde trykket vidare, seier Ludviksen.

Politiadvokat Magne Kvalvik seier at dei har etterforska ferdig åtte saker knytt til dette ungdomsmiljøet. Så langt har det blitt tatt ut ein tiltale, men det kan bli aktuelt med fleire. Kvalvik seier at «Operasjon Hubro» har vore viktig for å etterforske sakene effektivt.

– Det har gjort at sakene har blitt etterforska raskt og grundig. Tidsaspektet er spesielt viktig i desse ungdomssakene. Dei må bli fort ferdig og fort behandla.

Daniel Ludviksen, politioverbetjent ved Ålesund politistasjon
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL