Fradkov og Stoltenberg med Hydro-direktør Eivind Reiten til venstre og Statoils toppsjef Helge Lund til høgre. Foto: Cornelius Poppe/SCANPIX
Fradkovs program
På Aukra blei statsministrane møtte av generaldirektør Eivind Reiten i Hydro og konsernsjef Helge Lund i Statoil. Fradkov har sett på Ormen Lange-anlegget på Nyhamna og har fått høyre om den staden som blei brukt til leir for russiske fangar under den andre verdskrigen.
Nyhamna. Frå v. Helge Lund, Stoltenberg, tolken, Mikhail Fradkov, Eivind Reiten. Foto: Gunnar Sandvik, NRK
Dei to statsministrane drog etterpå til Aukra kyrkje. Der la Mikhail Fradkov ned krans ved minnesmerket over russiske krigsfangar som døydde på Aukra under krigen.
Shtokman-feltet
"Et av tidenes norske markedsføringsstunt" kallar Dagens Næringsliv det som i dag skjer på Aukra.
Både Hydro og Statoil er høgst aktuelle som samarbeidspartnerar når russarane skal byggje ut det enorme gassfeltet Shtokman i Barentshavet. Hydro ønskjer i så fall å bruke teknologien og erfaringane frå utbygginga av Ormen Lange. Derfor er det viktig for dei å vise fram Ormen Lange-anlegget når dei får besøk av den russiske statsministeren.
Shtokman-feltet inneheld like mykje gass som heile den norske sokkelen. Det russiske gassmonopolselskapet Gazprom har sagt at dei vil annonsere den endelege lista over vestlege samarbeidspartnerar seinast 15. april.
Naturverndemonstrantar på Aukra tysdag formiddag. Foto: Cornelius Poppe/SCANPIX
DET KJEM MEIR OM FRADKOVS BESØK PÅ DENNE SIDA ETTER KVART.