Hopp til innhold

Russ på såpeglatte vegar

Mange vakna til snødekte vegar over heile landet tysdag morgon. Og det var glatt, til tider veldig glatt. Glatte vegar og blankpolerte dekk på russebilar er ikkje nokon god kombinasjon.

Russen vart overaska av snø.
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes. / NRK

Russebilane er blankpolerte og klare for eit par veker russefeiring, men ingen har tenkt på å utruste bilane med vinterdekk.

Sverre Lorgen Øvrelid og Nicolai Bjørge

Sverre Lorgen (tv.) og Nicolai Bjørge.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

- Eg var nær grøfta i dag tidleg når eg vakna til snø, men det gjekk bra, seier Nicolai Bjørge i Ålesund. Eg vakna opp med snø og frost, så eg tok det med ro, seier Bjørge. Men det er eigentleg ikkje noko problem. Snøen smeltar så raskt no at det ikkje er noko problem, seier Bjørge.

Russeformannen stakk hodet i do

- Oppmodar til hor i Volda

- Fekk sjokk

Andrea Skaugseth og Anne Stine Kvernevik frå Ålesund vidaregåande skule var heller ikkje budd på minusgrader. Jentene seier dei fekk sjokk i dag då dei såg at det snødde.

Andrea Skaugseth og Anne Stine kvernevik

Andrea Skaugseth (tv.) og Anne Stine Kvernevik.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes. / NRK

- Dette er jo heilt vilt. Det er jo ikkje så lurt å køyre på glatta med sommardekk, seier jentene. Det er jo snart midt på sommaren. Det er jo sjukt. Vi tok akkurat ut piggane av vinterdekka, så vi var ikkje akkurat budde på dette, seier dei.

- Sove litt snart eller?

Gratulerer med dagen!

Politiet uroa

Politiet er uroa for russebilar som køyrer på sommerdekk, og operasjonsleiar i Ålesund, Johan Arnt Overøye, seier det er ingen skam å parkere bilen viss det er glatt.

- Eg tykkjer det ville vere vakse gjort om dei sette frå seg bilen om det ligg an til å vere snø og is på vegbana, seier Overøye. Dei må ikkje køyre rundt med sommardekk på islagd vegbane, seier han.