Russetida har levd opp til alle forventningar så langt, men har og kome med nokre overraskingar.
Eg kan ikkje uttrykke med ord kor mykje eg gler meg til å verte ferdig med skule for denne gang, og russetida er heilt klart ei verdig avslutning på dette.
Russ 09 on fire!
Når klokka byrjar å passere 0300, og det er skule neste dag, er det greitt å ha noko anna enn berre energidrikke til å halde seg våken. Eitt kickass anlegg som kan vekke sjølv den mest tungtsovande lærar på eitt par hundre meter hjelp godt til med å halde auga opne.
Russen er eit av dei koseligaste vårteikna, og borna vert heilt galne i jakta på russekort. Det som er ei glede for nokre, er ei plage for ganske mange andre. Kven vil vell ha 150 spøkefulle tenåringar springande rundt med dorullar og vassgevær med langt frå gode hensikter i lokalsamfunnet?
Eg har fått gode tilbakemeldingar både frå kommune og lensmann, men vi får sjå no inn mot slutten av feiringa om dette stempelet held seg oppe. Kjekt skal vi i alle fall ha det desse siste dagane av feiringa vår, på eigen eller andre sine vegne!
Russebilen som ikkje ville starte
Russebilen er for mange noko av det mest tidkrevjande og påkosta i russetida. Kjekt er det, men ikkje berre ein dans på røde roser. Sjølv med ein EU-godkjent bilen, men tilsynelatande lite manglar.
Oppstår det problem når den skal drive store anlegg og mykje kjøring etter å ha stått stille gjennom heile vinteren. Bilen min (V for Vandetta) fekk eitt uventa elektrisk problem, som uheldigvis sprengte den eine forsterkaren vår og gjorde at batteriet ikkje ville lade seg opp.
Det igjen førte til at bilen ikkje ville starte, men etter god hjelp frå mekanikar slektning vart det ordna utan større kostnader, noko vi er svært takknemlige for. Det heile var på grunn av en så liten mangel som ei slitt dynamoreim.
Andre si russefeiring:
Russepresident Vegar Waage ved Atlanten vgs:
Russepresident Henrik Overaa Bjørnson ved Fagerlia vgs:
Formann Kristin Karlsen i russestyret ved Molde vgs: