Hopp til innhold

Raud eller blå? Ikkje så viktig lenger, seier russen

Før var fargen på russedressen din bestemt av kva linje du gjekk. På denne skulen vel russen den fargen dei likar best.

Russ i Sykkylven står utenfor inngangen til videregående.

FAVORITTFARGEN: For Oline Flemsæter Johansen var valet enkelt då ho skulle velje farge på russedressen. – Blå er favorittfargen og eg trivst best i blått.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

I sunnmørsbygda er årets russekull todelt - cirka halvparten er blåruss, den andre halvparten er raudruss.

– Eg trivst best i blått, og så synest eg det passar sidan eg har samfunnsfag og ikkje realfag, seier Oline Flemsæter Johansen.

– Eg ville vere raud fordi familien min alltid har vore raudruss, seier Sigrid Sævik-Nilsen.

Blåruss og rødruss sitter på benk utenfor Sykkylven videregående skole.

ULIKE PREFERANSAR: Anders Thoresen Hunnes, Malene Langeland Sulen, Sigrid Sævik-Nilsen og Oline Flemsæter Johansen går same linje på vidaregåande. Likevel har dei ulike fargar på russedressane. For Hunnes og Sulen handla det om kva farge det var på russebilane dei kjøpte.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

Men då rektoren deira var russ, var det ikkje slik at du kunne velje sjølv.

Rektor ved Sykkylven videregående skole, Barbro Midtgård.

HAR ENDRA SEG: Barbro Midtgård, rektor ved Sykkylven vidaregåande skule, var russ i 1987. – Eg gjekk realfag, og var difor raudruss.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

– Gjekk du realfag var du raudruss, og gjekk du handel og økonomi, var du blåruss, seier Barbro Midtgård.

Istahil (18) lagde sin eigen russekjole Istahil (18) lagde sin egen russekjole: – Jeg er stolt

Istahil Mohamad-Sharif, russekjole

Markerer tilhøyrsle

Anne-Sofie Hjemdahl er kulturhistorikar og museolog.

Ho har skrive hovudoppgåve om russefeiring og gjorde feltarbeid i russemiljø på 90-talet.

Portrettbilde av Anne-Sofie Hjemdahl, seniorforsker ved Telemarksforskning.

KAMERATSLEG RIVALISERING: – Dei to gruppene rivaliserte med kvarandre og det var viktig å vise tilhøyrsle til skulen du gjekk på, seier forskar Anne-Sofie Hjemdahl ved Telemarksforskning.

Foto: Telemarksforskning

I mellomkrigstida var det å vere russ noko som høyrde til dei øvste sosiale laga i samfunnet, seier ho.

Det var viktig å markere forskjellane på dei som gjekk på handelsgymnas og dei som gjekk på vanlege gymnas, tidlegare latinskulane.

Det er her dei to fargane stammar ifrå, forklarar Hjemdahl. Men noko har endra seg.

Å markere kva linje eller skule du kjem frå, ser ikkje lengre ut til å vere like viktig for ein del av russen, som å vise kva for russegruppe, buss- eller bilfellesskap du høyrer til, forklarar ho.

Er det greit at russen vel den fargen dei sjølv vil ha på russedressen?

Tradisjonsbundne i byen

På Oslo Handelsgymnasium er nesten alle avgangselevane blåruss.

Viktor Roth Trønnes-Christensen er ein av dei, og meiner det heng saman med skulen si historie.

– Det har alltid vore slik, så då er det kjekt å vidareføre den tradisjonen.

– Blir det sett ned på å vere raudruss hos dykk?

– Det vil eg ikkje seie, men det er klart at du skil deg ut dersom du er det her.

Fire russ sitter på en benk utenfor Sykkylven videregående skole.

FRITT FRAM: Russen i Sykkylven vel farge på russedressane sine utifrå kva dei sjølve likar best.

Foto: Oda Flaten Lødemel / NRK

På andre sida av Slottsparken, berre nokre steinkast unna, ligg Oslo Katedralskole.

Der er det motsett. Alle er raudruss, utanom to stykke.

Nestleiar i russestyret, Arezo Alaei, er ei av dei som har gått i mot straumen.

– Eg er frå Bergen der nesten alle vennane mine er blåruss, så eg ville vere blå for å vise tilhøyrsle til dei og til Bergen.

Ho har fått svært mange reaksjonar på at ho er blåruss på Katta.

Blåruss står foran garderobeskap og smiler mot kameraet.

SKIL SEG UT: For Arezo Alaei var blå dress det rette valet. Ho har Bergen-tema på dressen sin sjølv om ho er russ ved Oslo Katedralskole.

Foto: Hannah Skare Myklebust

– Her er det forbunde med å gå på handelsgymnaset, med å ha mykje pengar og med vere litt bortskjemt. Eg har opplevd å møte dei fordommane berre fordi eg har valt blå russedress.

Rivaliseringa mellom dei gamle latinskulane og handelsgymnasa er altså ikkje lagt heilt på hylla i hovudstaden.

Påverka av fleirtalet

Russen i Sykkylven synest det verker som at fargetradisjonane er viktigare i byane enn på bygda. Dei har lagt merke til at russen i næraste by, Ålesund, stort sett er blå.

Russepresident ved Ålesund vidaregåande skule, Thomas Brudevoll, trur mange i Ålesund vel blå dressar fordi dei blir påverka av kvarandre.

– Når det først er slik at fleirtalet er blå, er det lett for at det blir norma, seier han. Og for nokon handlar det berre om at ein kler den fargen betre, legg han til.

Les også Årets russ er ekstra utsatt for sykdom: – Vi merker at vi er uggen allerede

Thomas Brudevoll i grå genser er russepresident på Latinskolen. Russ ved Ålesund videregående skole.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL