Hopp til innhold

Russen som vart påkøyrd i Molde er framleis livstruande skadd

Fire dagar etter bilulukka er skadane til den 18 år gamle mannen som vart påkøyrd i Molde framleis kritiske.

Politiillustrasjon

Politiet ser svært alvorleg på ulukka som skjedde 14. mai i Molde. – Dette er ei tragisk hending som aldri skulle ha skjedd, seier politimeister Arnstein Nilssen.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

18-åringen som vart påkøyrd ved Retiro i Molde førre onsdag er framleis livstruande skadd og ligg på St. Olavs Hospital i Trondheim.

Han blir blant anna behandla for omfattande skadar i hovudet, opplyser sjukehuset.

Russesamling kvelden før

Natt til onsdag køyrde ein russ ned to medruss. Dei eine er utskriven frå Molde sjukehus, men den andre ligg framleis på St. Olavs. Den 18 år gamle sjåføren har vedgått promillekøyring. Sjølv om han stod som eigar på bilen hadde han heller ikkje førarkort. Russefeiringa blei raskt annleis enn det som var planlagt.

Ulukka skal ha skjedd på parkeringsplassen ved Retiro i Molde. Kvelden før hadde det vore russesamling på staden.

God støtte frå lokalsamfunnet

Under 17. mai-markeringa i Molde var det den skadde medrussen talane dreidde seg om. Russepresident Nikolai Skrede sa at støtta frå lokalsamfunnet har vore spesiell.

– Støtta er viktig, spesielt for han som kjemper for livet i Trondheim. Eg er glad for at vi har opplevd samhald og tatt ansvar i denne situasjonen. Vi har ikkje gitt opp håpet, sa Skrede under sin tale.



SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL