Hopp til innhold

Politiet ber om tips etter russebil-ulukke

Skadane er framleis kritiske og svært alvorlege for 18-åringen som vart påkøyrt av ein medruss i Molde natt til onsdag.

Politiillustrasjon
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ein 18 år gammal mann er mistenkt for promillekøyring etter å ha køyrt på to medruss ved Retiro i Molde. Den eine russen er kritisk skadd og blei sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Politiet gjer tekniske undersøkingar på ulukkesstaden og etterlyser bilde og øvrige tips om hendinga. Dei ber også vitne om å melde seg.

Politiet ser alvorleg på saka

Den andre russen som også blei påkøyrd skal ha fått lettare skadar og blir behandla ved Molde sjukehus. Sjåføren set no i varetekt.

Politimeister i Nordmøre og Romsdal politidistrikt, Arnstein Nilssen, seier dette er svært alvorleg.

– Dette er ei tragisk hending som aldri skulle ha skjedd. Vi har tatt blodprøve av han som køyrde bilen, og han er no mistenkt for promillekøyring. Han vil også bli etterforska vidare, seier Nilssen.

Ulykkeskommisjonen er også kobla inn i denne saka.

Retiro, Molde

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL