Hopp til innhold

Ruben (23) reiser på kvalfangst midt i eksamenstida

Sesongen for kvalfangst er i gang, men næringa slit med å få selt kvalkjøtet. Sjølv om fangstinga er omstridt utanfor Noregs grenser satsar 23-åringen frå Midsund på å bli kvalfangar.

Ruben Nygård

Ruben Nygård pussar løpet på kanonen om bord i kvalfangstskuta «Marie». Han tek eksamen samstundes som han reiser på tokt på Finnmarkskysten.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ruben Nygård sjekkar at alt er klart til å sette kursen nordover mot Finnmarkskysten rett over påske.

Han er 23 år, og for andre år på rad tek han styrmannsskule i Ålesund samstundes som han reiser på tokt midt i eksamenstida.

–Lærarane har vore samarbeidsvillige, så eg har fått til både skule og arbeid. Det er spennande. Eg har alltid hatt interesse for fiske og fangst. Då er kvalfangst den perfekte kombinasjon, seier Nygård, som er skyttar om bord på kvalfangstskuta «Marie»

Medan andre sjømatnæringar i Noreg set nye rekordar, er kvalfangstnæringa sårbar. Miljøet er lite, etterspurnaden etter kvalkjøt er avgrensa og marginane er små.

Ruben Nygård

Kanonen vert brukt til å skyte ein harpun i kvalen. Alt må vere sjekka og i orden før båten reiser.

Foto: Roar Strøm / NRK

I år er 16 skuter innmeldt til årets fangst etter vågekval ifølge Fiskeridirektoratet

Det aller meste av kjøtet vert selt i Noreg. Internasjonalt har de norske kvalfangsten vore omstridt i ei årrekke. Det einaste landet som importerer kval frå Noreg er Japan.

Ruben Nygård skyt kval frå skuta «Marie»

Kvalfangst er eit tett samspel mellom skipper, utkiksposten i tønna og skyttaren. Her skyt Ruben Nygård skyt frå skuta «Marie» i 2021.

Kvalfangstskute Marie

«Marie» frå Misund i Molde kommune er snart klar for å reise på kvalfangst.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Store utfordringar

– Dei som driv med kvalfangst i dag har store utfordringar. Den største av dei er å få selje kjøtet, seier styreleiar i Norsk Hval, Øyvind André Haram.

Dei siste åra har det vore fanga mykje mindre kval enn den nasjonale kvoten.

I 2021 var kvoten på 1278 dyr, fangsten enda på 577.

I år er kvoten 917 vågekval.

Ifølge Havforskningsinstituttet er det over 100 000 vågekval i norske farvatn.

Kor mykje av kvoten som vert tatt, kjem i stor grad an på etterspurnaden etter kjøt.

Øyvind Andre Haram

Øyvind André Haram er styreleiar i merkevareforeininga Norsk Hval. Dei jobbar for å auke etterspurnaden etter kvalkjøt i Noreg.

Foto: Sjømat Norge

Haram meiner mykje av det dårlege ryktet til næringa kjem av tidlegare tiders synder. Men å få selje meir til andre land verkar lite sannsynleg, så Norsk Hval fokuserer for det meste på å få nordmenn til å ete meir kval.

– Kvalkjøt er eit fantastisk produkt, og frå eit berekraftperspektiv er næringa viktig. Sjøpattedyr et enorme mengder fisk. Det er viktig at ein haustar også frå denne delen av næringskjeda, seier Haram.

Første vågekval skutt på kvalfangstskuta Kato på Finnmarkskysten

Måndag 11. april tok kvalfangstskuta «Kato» frå Ålesund årets fyrste kval utanfor kysten av Finnmark.

Gler seg til tokt

No gler Ruben Nygård seg til å kaste loss. Ein munnleg eksamen skaper litt hovudbry, men han håpar å få ta den via videosamtale frå Finnmarka.

Meldinga om at årets fyrste kval nyleg blei skoten av kvalfangstskuta «Kato» utanfor Vardø gir motivasjon. Han kjenner kvalfeberen melde seg.

Næringa sitt rykte tenkjer han ikkje så mykje på.

– Vi må jo ha mat. Eg skjønar ikkje at det skal vere så stor forskjell på å slakte ei ku og å skyte ein kval. Kvalen har hatt eit godt liv og har levd fritt i havet. Vi har stort fokus på å skyte under gode forhold, slik at dyra ikkje lid, seier Nygård.

Ruben Nygård

Ruben Nygård frå Misund gler seg til å reise på sitt andre kvaltokt.

Foto: Roar Strøm / NRK

Les også Fiskeriministeren vil skyte mer kval

Kval ved rekka

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL