NRK Meny
Normal

Rømte frå Hustad fengsel

Ein fange ved Hustad fengsel rømte måndag ettermiddag, men fekk berre nokre timar i friheit.

Hustad fengsel i Fræna

Hustad Fengsel i Fræna i Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var ved 18-tida måndag kveld at fangen greidde å stikke av frå fengselet. Politiet vil ikkje gå inn på korleis han greidde å rømme, seier operasjonsleiar Leif Bergem Ohr ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Både gjekk og haiket

Rømlingen, ein mann i 30-åra, stakk av til fots. Deretter skal han ha haiket for å kome så langt som til Kårvåg på Averøya, fleire mil nordover frå fengselet. På Kårvåg blei han observert, og blei etterkvart pågripen utan dramatikk.

Ikkje farleg

– Fangen som har vore på rømmen er ikkje farleg for omgjevnadene, seier operasjonsleiar Leif Bergem Ohr. - Han sonar ikkje noko valdsdom, seier han. Kva mannen sit fengsla for vil politiet ikkje fortelle.

Må sjekke rutinar

– Hustad fengsel har både open og lukka avdeling, og blir sett på som eit sikkert fengsel, seier Bergem Ohr. Han seier at fengselet skal gå gjennom rutinane sine for å finne ut kvifor og korleis mannen greidde å stikke av. – Han skal ikkje ha hatt hjelparar i samband med dette, seier Bergem Ohr.