Hopp til innhold

Rognes får skyting som levebrød

HAREID (NRK): Knut-Erik Rognes er ein av Noregs beste langdistanseskytarar. Det som før var hobby blir no levebrød for den treffsikre jegeren frå Hareid.

Knut Erik Rognes frå Hareid driv med jakt og skyt på blink på svært lange avstandar. Frå neste månad gjer han hobbyen om til levebrød og skal produsere og teste ammunisjon for firmaet Advanced Ballistics.

LEVEBRØD: Skyting har lenge vore hobby for Knut-Erik Rognes. No skal han også tene pengar på dette.

Det kan vere mange, mange meter mellom blinken og Knut-Erik Rognes og geværet hans. Likevel klarar han å samle dei aller, aller fleste skota så nær det inste punktet i blinken som mogleg.

I 2014 blei han beste norske utøvar på lengda 1850 meter. Han har første, andre og tredjeplass frå Noregsmeisterskapet i langdistanseskyting (UNL) der avstanden mellom skytar og blinken er på 500 meter.

Frå februar blir hobbyen til levebrød. Då skal han produsere, teste og selje ammunisjon for det internasjonale våpen- og ammunisjonsselskapet Advanced Ballistics.

– Jobben min blir å utvikle og teste ammunisjon, og eg skal også stå for sal. Då kan eg drive skytinga med full betaling, humrar Rognes.

Knut Erik Rognes

Knut-Erik Rognes er ein av dei beste langdistanseskytarane i Noreg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Alt no produserer Rognes sin eigen ammunisjon. Produksjonen er eit arbeid prega av nøyaktigheit, med måling av vekt og lengde. Ofte må det finjusteringar til, og arbeidet er reine vitskapen.

Under testing må han ikkje berre måle og sjekke ammunisjonen og våpenet. Han må også ta omsyn til vind, temperatur og lufttrykk.

– Dess lenger avstand eg skal skyte på, dess viktigare er det å ha kontroll på desse tinga.

Ammunisjonen han no skal lage, skal brukast både til jakt og konkurranseskyting. Og han er overtydd om at dette er noko han kan livnære seg på på sikt.

– Ja. Det veit eg. Dette kjem til å gå veldig bra, seier han medan han prøveskyt på Ulset i Hjørungavåg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL