Hopp til innhold

Riise angrar på tidspunktet

John Arne Riise var sentral då Fulham tok poeng mot Southampton søndag. No ventar to viktige VM-kvalifiseringskampar med Noreg.

John Arne Riise

John Arne Riise fekk mange spørsmål etter Twitter-utblåsinga i forkant av to VM-kvalifiseringskampar i september. Her på pressetreff 9. september.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Under førre landslagssamling blei det mykje oppstyr rundt John Arne Riise. På godt og vondt.

Ålesundaren spelte sin 105. A-landskamp for Noreg – noko som er norsk rekord –, men festen blei overskugga av bråk.

På Twitter sendte John Arne Riise ut fleire meldingar. Dei var lenka opp mot statuen med namn «Fotballspelaren», samt det han omtalte som arrogante folk i heimbyen.

Bråket toppa seg då VG-kommentator Truls Dæhli omtalte Riise som ein «sjølvherleggjerande tufs» på kommentatorplass i VG.

Likevel klarte Riise å slå tilbake på banen, då han avgjorde til 2–1 på straffe mot Slovenia – langt inne i overtida.

Riise mot Silva

John Arne Riise var sentral då Fulham tok poeng søndag. Her i duell med Manchester City-spelar David Silva tidlegare i sesongen.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

– Ein lærer så lenge ein lev

No seier Riise til Aftenposten at tidspunktet for Twitter-utblåsinga var feil.

– For å seie det slik: Eg er meg sjølv, og det kjem eg alltid til å vere.

– Men ein lærer så lenge ein lev. Eg angrar ikkje på det eg sa. Berre tidspunktet, fortel Riise til Aftenposten.

På spørsmål frå avisa om han har skværa opp med VG-kommentator Truls Dæhli, svarer Fulham-backen kort:

– Eg har ikkje prata med Dæhli på 12 år, så kvifor skulle eg gjere det no?

Saka held fram under bildet.

John Arne Riise

John Arne Riise avgjorde for Noreg mot Slovenia. Han avgjorde på straffe i siste sekund.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Håper på fire poeng

Norge opna dårleg i VM-kvaliken, etter 2-0-tap borte mot Island i første kamp.

Riise avgjorde som kjent i kamp nummer to mot Slovenia.

No ventar to nye kampar, begge på bortebane. Først ventar Sveits, medan Kypros er motstandar i kamp nummer fire i kvalifiseringa.

– Ein realistisk ambisjon vil vere å unngå tap mot Sveits og vinne mot Kypros.

– Greier vi det vil vi vere fornøgde, seier Riise til Aftenposten.

(NTB/NRK)

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL