Hopp til innhold

Reservekraft til Møre og Romsdal

Statnett har underteikna ein intensjonsavtale med det amerikanske selskapet Pratt & Whitney om å kjøpe flyttbare kraftanlegg som skal plasserast på Tjeldbergodden og Nyhamna.

Mobilt gasskraftverk, Pratt & Whitney
Foto: Pratt & Whitney

Kraftanlegga på Tjeldbergodden skal vere klare til bruk den 1. januar 2008, medan anlegga til Nyhamna skal vere tilgjengelege seinare same vinteren.

Gass eller flytande brensel

Pratt & Whitney er mest kjent for å byggje flymotorar, men selskapet produserer også bl. a. gassturbinar og rakettmotorar. Kraftanlegga som skal plasserast på Tjeldbergodden i Aure og Nyhamna i Aukra, er konstruerte slik at dei kan gå både på gass og alternativt brensel som til dømes biodiesel. Begge stadene er det meininga å installere anlegg med ein samla kapasitet på 150 megawatt - eller 150 000 kilowatt.

På Tjeldbergodden kjem det 3 store anlegg på 50 MW kvar, medan det er planen å plassere fleire mindre anlegg på 20 MW på Nyhamna, seier informasjonssjef  Knut Lockert i Statnett. Kontrakten lyder på omkring 1 milliard kroner.

Forsikringsordning

Statnett ser på reservekraft frå desse anlegga som ei forsikringsordning som skal vere siste utveg etter at ei rekkje andre tiltak er utnytta. Desse kraftverka skal setjast i gang berre dersom kraftsituasjonen blir så alvorleg at rasjonering eller straumbrot er sannsynleg.

Statnett må søkje Noregs vassdrags- og energidirektorat om konsesjon for kvart enkelt anlegg, og må i tillegg ha spesielt løyve frå NVE til å starte anlegga. Dessutan krevst det utsleppsløyve frå Statens forureiningstilsyn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL