Sist vinter var det snakk om å ta i bruk gasskraftverka på grunn av fare for straummangel og svært høge prisar i Midt-Norge. No er det på tide å få i gang debatten om bruken av dei mobile gasskraftverka på Aukra og Tjeldbergodden igjen, meiner Riksfjord, som mislikar at debatten om vanlege gasskraftverk utan reinsing skal blandast inn.
– Dei mobile gasskraftverka er på plass og overordna styresmakter meiner dei skal brukast, og så skal dei likevel ikkje brukast. Det får eg ikkje til å stemme, seier Aukra-ordføraren.
Eit mobilt gasskraftverk står klart til bruk både her på Aukra og på Tjeldbergodden.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKKald vinter
Dei første månadene av 2010 var det unormalt kaldt i store delar av Midt-Noreg. Fleire bedrifter blei mellom anna bedne om å spare straum om det var mogleg, og prisen gjekk i taket. Dei mobile gasskraftverka på Aukra og Tjeldbergodden blei ikkje tekne i bruk for å hjelpe situasjonen.
Olje- og energiministeren sa nei til at Statnett kunne fyre opp, men Riksfjord trur denne debatten vil kome med full styrke dersom det blir kaldt i vinter.
– Kraft vil vi ha, men vi vil ikkje at det skal kome frå nokon stad. Det kjem i alle fall ikkje gjennom lufta, seier Riksford oppgitt.
– Meiningslaust
Olav Magnus Linge, leiar i Sosialistisk ungdom.
Foto: Ungdom, Sosialistisk / ScanpixOlav Magnus Linge frå Valldal er leiar i Sosialistisk Ungdom. Han likar ikkje tanken på ein oppstart.
– Det er meiningslaust å ha ein ny debatt kvart einaste år det er ei ny krise i kraftsituasjonen, der det kun er mobile kraftverk som er oppe som alternativ, seier Linge.
Han meiner vi treng langsiktige løysingar med satsing på offshore vindkraft og å endre norsk energipolitikk.
– Bygg heller i Elnesvågen
Elisabeth Røbekk Nørve (H) meiner det heller bør byggast i Elnesvågen.
Foto: Åge André Breivik / NRKStortingsrepresentant Elisabeth Røbekk Nørve frå Høgre meiner utspelet til Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord er heilt på sin plass i forhold til den situasjonen som kan kome i vinter, men meiner han bør fokusere på bygging av gasskraftverk i Elnesvågen heller enn dei mobile gasskraftverka på Aukra og Tjeldbergodden.
– Det er langt viktigare at han no får med seg sine eigne i Arbeidarpartiet til å bygge gasskraftverk i Elnesvågen. Det er langt mindre forureinande enn dei mobile gasskraftverka, seier Nørve.