Hopp til innhold

Rekordtidleg start på cruisesesongen

Tidleg måndag morgon segla cruiseskipet «Balmoral» inn på Ålesund hamn. Dette markerte ein rekordtidleg start på årets cruise-sesong i Noreg.

Rekordtidleg start på cruise-sesongen

Dette er synet som svært mange av cruiseturistane i Ålesund vil ha. Busslast på busslast køyrde opp på byfjellet Aksla, der turistane fekk denne utsikta.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Vinterskodde hang lågt over sunnmørsfjella då cruiseskipet «Balmoral» kom inn på hamna i Ålesund. Straks vintermørkeret slepte taket blei det eit myldrande liv på cruisekaia. Eit titals bussar skyssa turistane rundt om i Ålesund og på Sunnmøre. Mens kulingen bles kring hushjørna var det nesten like mykje liv på hamna som i hovudsesongen om sommaren.

Judith Wikes

Judith Wikes har vore med «Balmoral» frå Southampton.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Anita Nøring

Anita Nøring i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
– Eg kjem til Noreg fordi det er svært vakkert her. Eg har vore her om sommaren tidlegare. No ville eg sjå korleis det ser ut her om vinteren, seier Judith Wikes i det ho kjem på land i Ålesund i dag.

Først i Noreg

Cruiseskipet «Balmoral» har kryssa Nordsjøen etter at det la ut frå Southampton sist fredag like før klokka 18.00. Skipet har 1300 passasjerar om bord. Frå Ålesund skal skipet vidare til Harstad.

– Vi opnar cruise-sesongen i Noreg nok ein gong med Ålesund som hamn for årets første cruiseskip. Dei som kjem er interesserte i å oppleve vinter, og er med på det første vintercruiset i år, fortel Anita Nøring i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Gustent vintervêr

Det var ikkje det gnistrande, kalde vintervêret som møtte turistane då dei kom til Ålesund på vintercruise i dag. Skodda hang ned i fjella, det var sur vind med nedbør i lufta. Og temperaturen låg på om lag 7 varmegrader.

– Akkurat i dag får dei oppleve Ålesund i friskt ver. Men vi varmar dei med gløgg og vaflar. Akkurat her i Ålesund er det ikkje snø. Men turistane skal vidare nordover. Neste hamn er Harstad. Og då får dei nok oppleve endå meir vinter, seier Anita Nøring.

Godt førebudde

Men turistane såg ut til å vere ved godt mot, og drog ivrig mot dei ventande bussane. Fleire hadde budd seg godt og var fullt klar over at det ikkje var nokon gnistrande vinter som venta dei i Ålesund.

– Eg venta ikkje snø her i Ålesund. Dette sjekka eg på internett. Men eg vonar vi får sjå meir snø når vi kjem lenger nord. Kanskje får vi sjå nordlyset også, seier Judith Wikes.

Turistskipet Balmoral

Turistskipet «Balmoral» ved kai i Ålesund 23. januar 2017.

Foto: Terje Reite / NRK

Tog til Bjorli

Ei gruppe turistar var likevel så ivrige etter å oppleve sjø at dei valde å bruke heile måndagen på buss og tog til fjellheimen fleire timar unna Ålesund.

– Nokre reiser på langtur til Åndalsnes og snøsikre Bjorli. Dei får også med seg Raumabanen på turen, seier Anita Nøring.

Dagens turistskip er starten på det som mange ventar skal bli ein rekordsesong. Neste skip kjem i midten av februar. Og så er det ikkje lenge til sesongen byrjar for fullt i mai.

– Dette blir ein fantastisk sesong. Det kjem fleire båtar ut over våren. Og så tek det verkeleg laus i mai, seier ei forventningsfull Anita Nøring til NRK.