NRK Meny
Normal

Rekordtal for Molde og Ålesund, Høgskulen i Volda litt tilbake

Høgskolen i Molde opplever søkjarrekord, talet på søkjarar er status quo i Ålesund, medan Høgskulen i Volda opplever nedgang.

Høgskulen i Volda

Talet på søkjarar via Samordna Opptak med Høgskulen i Volda på førsteplass går tilbake 20 prosent frå 2012 til 2013. Det blir forklart med fem færre studium å søkje på.

Foto: Høgskulen i Volda

– Det er fem færre studium som er lagt ut i år, 33 mot 38. Det er den enkle forklaringa, fortel Jacob Kjøde Jr., høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda.

Jacob Kjøde jr.

Høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda, Jacob Kjøde Jr., er samla sett fornøgd med søkjartalet.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

For talet på søkjarar, via Samordna Opptak (SO), som har Høgskulen i Volda som førsteval, har gått tilbake med 20 prosent.

Frå 1496 i 2012, som var ny rekord, til 1196 i 2013.

– Samanlikna med det vi la ut både i fjor og i år så er det om lag det same. Samordna Opptak er éin del av opptaket, og ein må sjå alt i samanheng.

– Og i lokalopptaket opplever vi ein kraftig vekst, seier Kjøde Jr. til NRK.

Éin person meir i Ålesund

Litt lenger nord i fylket, i Ålesund, er søkjartalet nesten det same.

Høgskolen i Ålesund

Frå 1080 til 1081, altså status quo for Høgskolen i Ålesund.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

I 2012 hadde 1080 personar Høgskolen i Ålesund som førsteval. I 2013 har 1081 personar Ålesund som førsteval, altså 0,09 prosent auke.

Fjoråret var eit rekordår, for både Ålesund, Volda og Molde, og rektor Marianne Synnes uttaler at søkjartalet er gledeleg.

Sjukepleiarutdanninga og bioingeniørutdanninga er mellom retningane som opplever auke i Ålesund.

– Gledelege tal

I Molde er dei derimot jublande glade.

9,27 prosent auke, med 931 mot 852 personar med Høgskolen i Molde på førsteplass, er gode tal.

– Dette er gledelege tal. Det er positivt at vi lukkast med rekrutteringa til våre studium, og at oppgangen totalt sett er vesentleg større enn på landsbasis, uttaler rektor Solfrid Vatne.

Oppgangen på landsbasis er på 1,2 prosent.

– Vi var ekstra spent på søkjartalet til sjukepleiarstudiet vårt, etter dårlege tal i fjor. Vi er tilfredse med å få tilbake søkjarane på dette studiet, seier Vatne i ei pressemelding.

Logistikkstudium og IT er mellom dei som går mest fram i Molde. Petroleumslogistikkstudiet i Kristiansund har ein oppgang til 183 søkjarar frå 150 i 2012.

Høgskolen i Molde, Høgskolen i Ålesund og Høgskulen i Volda

Dei tre høgskulane i fylket er alle fornøgde med søkjartalet via Samordna Opptak for 2013.

Foto: Gunnar Sandvik, Høgskolen i Ålesund, Janne Brit Aasen