Resultatet før skatt var på litt over 1,3 milliardar kroner. Dette er 471 millioner meir enn i 2004.
Fjoråret var det første heile driftsåret etter den omfattande moderniseringa som Hydro Aluminium Sunndal har gjennomført.
Foto: SCANPIX
Alt går i rett lei
Ikkje berre er overskotet større enn nokon gong, sjukefråværet ved bedrifta er rekordlågt. Hydro Aluminium Sunndal er ei av dei norske industribedriftene som har minst sjukefråvær, og talet på arbeidsskadar som fører til fråvær er nesten null, seier informasjonssjef Jon Kr. Schnell.
Enno er ikkje moderniseringsarbeidet ved aluminiumsverket heilt ferdig, og det blir om lag 50 nye arbeidsplassar i løpet av året.