Bakgrunnen for endringa er opninga av nytt postkontor i neste månad.
Flåthe meiner dette vil føre til økonomiske tap for dei mange hundre som vert ramma av endringane, og håpar no å få med seg fleire for å boikotte omlegginga.
Kostar 15000 kroner
Ei endring av postnummeret vil føre til at fleire hundre bedrifter og privatpersonar må endre på brevark, visittkort og andre dokument. Flåthe har rekna ut at kostnadane ved ei slik omlegging vil vere på om lag 15000 pr. bedrift. Posten burde vere flau over å gjennomføre dette når dei ser konsekvensane, seier han.
Vil ha nummerseriane flytta
Flåthe har også erfaring med problem med feilsendingar, trass i at ein har gjort alt for å informere om endringane. Og for å unngå slike problem meiner han Posten må flytte over nummerseriane, slik at alle får behalde dei innarbeidde postnummera sine. Det har ikkje vore eit alternativ, seier informasjonssjef i Posten Norge, Robert Morberg.