NRK Meny
Normal

– Sunnmørsposten grev si eiga grav

«Skremmer Rekdal aktuelle spelarar vekk?» og «Derfor blir dette Rekdal si siste periode som Aalesund-trenar», skreiv Sunnmørsposten i to kommentarar torsdag og fredag. – Dei grev si eiga grav, svarer Rekdal.

Kjetil Rekdal

Kjetil Rekdal har tatt AaFK til nye høgder sidan inntoget for fire år sidan. Etter tre år med opptur har 2012-sesong vore svakare enn tenkt. Det har fått regionavisa Sunnmørsposten til å stille spørsmål.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Det har vore heitt rundt både Aalesund og Kjetil Rekdal i år.

Den etterlengta spissen har ingen sett noko av. Sesongen er svakare enn tidlegare år. Europacup-exiten kom tidlegare enn venta, og draumen om nok ein NM-triumf rauk mot eit 1. divisjonslag.

Torsdag skreiv sportssjef i Sunnmørsposten, Helge Skuseth, ein kommentar der han spør om AaFK-trenaren skremmer vekk moglege AaFK-spissar?

Fredag følgde sportsjournalist Eirik Nesset Hjelvik opp. Han meiner Rekdal ikkje får halde fram når kontrakten går ut etter neste års sesong.

Kommentarane får Rekdal til å sjå raudt.

– Synd i lokalavisa som er så dårlege i journalistikken sin

Rekdal

Kjetil Rekdal er kjent for å vere både ærleg og fritalande – både før og etter kamp.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

– For det første er det stort sett feil alt som står i kommentarane. For det andre treng eg ikkje argumentere mot eller forsvare avgjerdene, byrjar Rekdal til NRK.no.

Den tidlegare Tyskland- og Belgia-proffen, og noverande AaFK-trenaren, meiner resultata sidan 2008 talar for seg sjølv.

– Eg synest frykteleg synd i lokalavisa som er så dårlege i journalistikken sin. Dei skaper negative følgjer for folk som er interesserte i AaFK, meiner Rekdal.

Kontrakten til Rekdal går ut etter neste års sesong, og fredag gjekk Sunnmørsposten ut og sa at AaFK og Rekdal er lei kvarandre. Derfor kjem det ein ny trenar inn til 2014-sesongen.

– Eg har ei kontrakt som går ut i 2013. Å diskutere så langt fram i tid som 2014 er meiningslaust.

– Så skal vi hugse at trenarar kjem og går. Eg har vore her i fire år, og éin dag finn nok både eg og AaFK ut at vi har fått nok. Likevel: Å framstille det som Sunnmørsposten gjer blir langt utanfor skytekiva. Skotet dei kjem med treff ikkje skyttarskiva ein gong, seier ein oppgitt Rekdal.

Trenaren er klar på at både han sjølv og klubben har tankane heilt andre stadar.

– Verken eg eller AaFK har ønskje om å diskutere situasjonen no. Vi har fokus på heilt andre ting enn 2014. Som kampane framover og 2013, fortel Rekdal.

Saka held fram under bildet.

AaFK mot Fredrikstad

AaFK har slite spesielt på bortebane i årets Tippeliga. Førre helg tok laget ein etterlengta første bortesiger 3-1- mot Fredrikstad.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Meiner avisa prøver å skape splid

Rekdal har vore oppgitt opp mot både Sunnmørsposten og andre medium i Noreg tidlegare. Opp mot Sunnmørsposten er AaFK-trenaren lei av at avisa berre dreg fram dei negative sidene.

– Eg synest det er synd at ei lokalavis gjer forsøk på å skape splid. Dei skriv masse direkte usanningar, og dei let berre spelarar som har forsvunne kome til orde.

– Dette er spelarar som ikkje har vore gode nok, og som har fått meldinga «di tid er omme i AaFK» og «du må finne deg ein annan klubb, for du leverer ikkje det som er venta av deg». At desse er misfornøgde seier seg sjølv. Dei som lukkast og er fornøgde blir ikkje spurt.

Rekdal meiner Sunnmørsposten gjer einsidige forsøk på å finne negative ting.

– Det er veldig skuffande av ei lokalavis, men ein må leve med det når journalistikken ikkje er betre enn som så.

Saka held fram under bildet.

Helge Skuseth

Sportsredaktør i Sunnmørsposten, Helge Skuseth, er klar på at han og sporten i avisa ikkje vil AaFK noko vondt. – Tvert imot,

Foto: Arne Flatin / NRK

Sunnmørsposten: – Dette er ikkje impulskommentarar

Sportsredaktør i Sunnmørsposten, Helge Skuseth, forsvarar derimot alt som er sagt i kommentarane fullt ut.

– Det treng ikkje vere dårleg journalistikk berre fordi Rekdal er ueinig, startar Skuseth.

Han fortel at dei to kommentarane ikkje er drege ut av hatten heilt plutseleg.

– Dette er ikkje impulskommentarar. Vi føler prestasjonane i AaFK ikkje har vore gode nok over lang tid, og vi har tenkt på dette lenge.

– Vi har drive kjeldejobbing innad i klubben, og kommentarane er ikkje tatt berre ut frå vårt eige hjarte. Vi prøver ikkje å kaste møkk etter AaFK, seier ein klar Skuseth.

– Kva tenkjer du om at Rekdal meiner at det dykk skriv er kokt i hop og at det skal vere usant?

– Det forstår eg ikkje. Det stemmer i alle fall ikkje ut frå det vi veit.

Har prata med spelarar som ikkje vil stå fram

Påstanden om at avisa berre pratar med spelarar som forsvinn frå klubben avfeiar Skuseth tvert.

– Vi har prata med andre spelarar òg, spelarar som ikkje vil stå fram. Kvifor dei ikkje vil det må folk sjølv lure på. Men vi har prata med mange, både spelarar, leiarar og folk rundt klubben. Det gjer vi heile tida.

Kor mange av dei spurte som er negative vil ikkje Skuseth kommentere. Sportsredaktøren er derimot klar på at verken han eller sportsredaksjonen har ein vendetta mot AaFK.

– Vi prøver ikkje å spa opp drit om han Kjetil. Likevel ser vi at AaFK er den einaste klubben i heile Eliteserien som ikkje har styrka stallen i sommar. Det har ikkje vore festleg å sjå kampane i år, og vi håper at Kjetil og gutane får framgang.

Saka held fram under bildet.

Kjetil Rekdal

Rekdal er som oftast tydeleg på sidelinja. Det er han i meininga om regionavisa i Ålesund òg.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Rekdal hintar mot Sunnmørsposten-boikott

Det er ingen tvil om at AaFK har slite sportsleg i år. Ingen spiss inn og to spissar ut i sommar har fått mange til å lure.

Spekuleringa frå Sunnmørsposten er derimot ikkje vegen å gå, meiner Rekdal.

– Sunnmørsposten grev si eiga grav med måten dei framstår på. Der er ikkje hald i ting. Men ein journalist som vil skrive negativt vil alltid finne noko negativt. Der er alltid nokon som er skuffa eller misfornøgde.

Han både veit og ser at lokalavisa er aktive inn mot klubben. Framover kan derimot avisa få mindre av Rekdal.

– Det kan hende at tilgjengelegheita mi opp mot dei blir mindre framover. Eg har ikkje noko ønskje om å vere open og ærleg, og fortelje kvifor vi gjere slik og slik, når ein så får slike personangrep mot seg sjølv som resultat.

– Eg toler kritikk, og eg har ingen problem med å bli sett til veggs. Men då det vere hald i ting, og ikkje berre slik ein koker i hop, avsluttar Rekdal.

Helge Skuseth

Helge Skuseth

Foto: NRK

– Han brukar ikkje vere langsint

Ein mogleg boikott tek Skuseth med knusande ro.

– Vi lev i eit fritt land. Men dersom AaFK-leiinga kan leve med at hovudtrenaren ikkje vil prate med den største regionavisa så er det nok verst for AaFK.

– Vi skal nok overleve. Men eg trur ikkje det blir slik. Han brukar ikkje å vere langsint, han Kjetil, seier Skuseth.

– Det går over, trur du?

– Ja. Vi må leve ved sidan av kvarandre. Eg har ingenting personleg mot Rekdal. Han er ein fargeklatt, og var rett mann på rett tid då han kom til Ålesund.

– Resultata hans er fabelaktige, det kan ingen ta frå han. Men han tek mykje plass og er ein krevjande mann å forhalde seg til. Både for spelarar og leiarar rundt han. Så vi trur at, etter neste år, så er det slutt på denne æraen, avsluttar Skuseth.

Så får tida vise om Sunnmørsposten har rett.

Kva tenkjer du om saka? Sei meininga di i kommentarfeltet under.