NRK Meny
Normal

AaFK-spelar vert utlånt til Hødd

Aalesund-spelar Kjell Rune Sellin skal spele i blått og kvitt resten av sesongen. Trønderen skal spele i Ulsteinvik og Hødd.

Kjell Rune Sellin

Kjell Rune Sellin skal spele i Ulsteinvik og Hødd ut året.

Foto: Frode Berg / NRK

Det har vore spekulasjonar om Sellin kom til å gå til Hødd, og no er låneavtalen signert. Sellin er 23 år og har spelt åtte kampar for AaFK i år. Denne sesongen har han vore plaga av skader.

Sellin kom til AaFK før 2011-sesongen. Han har tidlegare spelt i Byåsen, samt i Rosenborg. I 2010 var han utlånt frå Rosenborg til Kongsvinger.

Trønderen har 30 kampar for Aalesund, og har scora tre mål. Til saman har Sellin 60 Tippeligakampar og seks mål.

Sellin hadde si aller første Hødd-trening i dag og er klar for å spele kamp mot Bærum søndag.