Hopp til innhold

– Det har ikkje akkurat vore ein draumesommar

Årets sommar går mot slutten. Det har vore ein sommar med både nedbørs- og varmerekordar.

Rengvåt sommar

Illustrasjonsfoto: Årets sommar har vore prega av mykje nedbør over heile fylket.

Foto: Anna Gytri / NRK

Torsdag 1. september markerer slutten på sommarmånadane og starten på hausten. Og det har vore ein våt og varm sommar, skal ein tru Jostein Mamen ved Meteorologisk institutt.

– Det har vore ein forholdsvis varm sommar, og Møre og Romsdal har til og med fått ein varmerekord. Men det har også vore relativt mykje nedbør, så det har ikkje akkurat vore ein draumesommar.

For stasjonane i Møre og Romsdal ligg årets sommar (juni, juli og august) frå ca. 0,5 til drygt 1 grad over normalen. Når det no er éin dag igjen av sommaren har Molde lufthamn størst avvik med 1,1 grader over normalen.

Varmerekord

Gradestokk

Gradestokken til Arnljot Worren viste svært høge temperaturar 21. juli. Denne dagen fekk også Møre og Romsdal årets varmerekord.

Foto: Arnljot Worren

Høgaste temperatur blei målt 21. juli med 32,2 grader ved Brusdalsvatnet. Det var også den høgaste temperaturen som blei målt i Norge i sommar, og dermed også i heile 2016.

Lågaste temperatur var -3,3 grader, og blei målt på Mannen (Rauma) 8. juni.

Mykje nedbør

Klimavakta ved Meteorologisk institutt kan fortelje at det har vore svært mykje nedbør i sommar. Alle stasjonane har fått meir nedbør enn normalt, nokre opptil 1,5 til 2 gonger meir enn normalen.

Månadsrekordar som blei sett i sommar er:

  • Tafjord (Norddal) 145 mm, Grønning (Norddal) 193 mm og Linge (Norddal) 182 mm i august.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL