Det har våre mykje gråvêr i store delar av Møre og Romsdal dei siste dagane.
Fredagen kan dermed bli ei pustepause med både varme og sol i store delar av Sør-Noreg. Dei kraftige byene som har prega Austlandet dei siste dagane roar seg, og det kan bli gode periodar med sol.
Og statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt har eit klart tip:
– På Vestlandet bør alle uteaktivitetar gå føre seg på fredag.
For på laurdag kjem eitt skikkeleg regnvêr.
– No må eg øydelegge helga for mange, for det ser ikkje særleg lovande ut. Eit lågtrykk skal sørge for mykje pålandsvind og 50–80 mm regn dei mest utsette plassane, seier Fagerlid.
Lovar bra for Moldejazz
Men frå tysdag av håper meteorologen på betre vêr. Då vil det bli fint vêr i heile landet, faktisk i heile Skandinavia.
– Då er jo alle vinnarar, seier Fagerlid.
Det lovar blant anna godt for årets Moldejazz som går av stabelen 18.- 23. juli.
– Moldejazz kan få noko ruskevêr når dei opnar måndag, men så kan det bli veldig fint festivalvêr heile veka.
Meteorologen meiner at jazz-gjestene har all grunn til å vere optimistiske, men at dei bør vere førebudd på at vêret kan snu fort.