Hopp til innhold

Reagerer på at gondolbane kan kome rett over stovevindauget

SULA (NRK): Rett over hustaka i dette nabolaget på Sunnmøre er det planar om å bygge ei gondolbane. Dei som bur her ønskjer ikkje planane velkommen.

Vil ikkje ha gondol på Sula.

OVER HUSET: Her skal gondolbana gå frå Devoldfabrikken vi ser bak Vivian Østrem, over huset der ho bur, og opp til Sulafjellet.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

På toppen av Sulafjellet har du utsikt over store delar av Sunnmøre. Her vil Ålesunds rikaste mann bygge gondolbane opp til den spektakulære utsikta.

Det reagerer Vivian Østrem på, gondolbana skal gå i skytteltrafikk rett over huset ho bur i.

– Gondolbana skal gå rett over stovevindauget mitt, seks meter oppe i lufta, seier Vivian Østrem.

Det kom som lyn frå klar himmel at ho kanskje må flytte til fordel for turistattraksjonen. Østrem har budd i Sula heile livet, og ønskjer ikkje gondolbana velkommen.

– Dette er rasering av naturen vår. Dei planlegg store inngrep i bygda vår, utan at vi får meine noko som helst, seier ho.

Vil ha gondol frå kjøpesenteret dei eig

Flakk-gruppa som held til på Sunnmøre står bak planane. Dei vil at gondolbana skal gå frå kjøpesenteret dei eig i Langevågen, og opp til fjellet, der dei vil bygge ein restaurant. Å flytte gondolbana slik at den ikkje går over byggefeltet er ikkje aktuelt.

Slik blir den nye gondolen som er planlagt på Sulafjellet.

GONDOLBANE: Slik ønskjer Flakk Group at endestasjonen av gondolbana på Sulafjellet skal sjå ut. Dei håpar gondolen kan vere klar til bruk om to til tre år. I bakgrunnen ser ein Ålesund.

Foto: Pressefoto, Flakk Group

– Det er eitt av dei eldste industristadane på Sunnmøre. Vi er oppteken av å prøve å sikre at det blir eit levande miljø i Sula også i framtida. Og då er ein gondol viktig tiltak for å sikre det, seier Knut Flakk, eigar av Flakk-gruppa.

No er planane lagt fram for kommunestyret, som skal behandle saka.

Vivian Østrem meiner det ikkje er nødvendig med endå ein gondol på vestlandet.

– Det er ikkje langt til Åndalsnes eller Loen, der det også er gondolbane. Dette er eitt av dei finaste friluftsområda i Møre og Romsdal, og vi treng ikkje ein gondol her, seier ho.

Vil kjøpe ut tre eller fire bustadar

Flakk-gruppa seier det er aktuelt å kjøpe ut tre eller fire bustadar som blir påverka av gondolbana.

– Det er opp til folk om dei ønskjer å selje eller ikkje. Også blir det tatt inn i ein reguleringsplan som skal ta omsyn til alle forhold som tek stilling til korleis dette skal løysast, seier Flakk.

Han legg til at gondolbana ikkje lagar mykje støy.

– Det er ei taubane som ikkje lagar mykje bråk og støy. Det vil komme meir lyd frå ein bil som passerer huset ditt, seier han.

Meiner det er galskap

Vidar Mostrøm har akkurat bygd seg eit nytt hus på Sula og ønskjer heller ikkje at gondolbana velkommen.

– Det er galskap. Dette høyrer ikkje heime i det heile tatt. Eg har ingen positive ting å seie om dette, seier han.

Han syns det er bra at dei ønskjer å skape aktivitet i området, men meiner dei kan bygge gondolbana slik det ikkje påverkar eit heilt bustadområdet.

– Eg har nettopp bygd meg nytt hus her. Og eg er rimeleg sjokkert når eg no finn ut at eg kan få dette i hagen min, seier han.

Vil ikkje ha gondol på Sula.

GALSKAP: For tre år sidan flytta Vidar Mostrøm til eit nyoppussa hus i Sula. No risikerer han å få ein gondolbane som sirklar over huset hans kvar dag.

Foto: Viktoria Hellem-Hansen / NRK

Flakk var klar over at planane dei har presentert er kontroversiell, men håper at det store fleirtalet vil sjå potensial i ei gondolbane.

– Vi har prøvd å finne ein trasé som gir minst mogleg belastning.