Hopp til innhold

Får 196.000 kroner for gondolbana som svevar forbi huset: – Skuffande lågt

Grunneigarar gjekk til kamp mot den nye turistattraksjonen på Voss. No må Voss Gondol AS betale 16 saksøkarar åtte millionar kroner i erstatning totalt.

Inge Rørvik på terrassen ved den nye gondolbanen på Voss

NY UTSIKT: Grunneigar Inge Rørvik har tidlegare fortald NRK at han tykkjer det er ubehageleg at gondolbanen går så nært huset hans.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det har Bergen tingrett bestemt, etter at saka mellom huseigarane og Voss Gondol AS gjekk for retten i november.

I rettsavgjerda kjem det fram at dei næraste naboane får ulike erstatningssummar, utifrå korleis retten har vurdert verditapet som gondolbana har påført eigedomane deira.

Summane til dei 16 grunneigarane som får erstatning varierer frå mellom 60.000 kroner og 1.148.547 kroner.

Ein grunneigar har fått avslag på sitt erstatningskrav, medan ein saksøkar får erstatning på 1 krone per kvadratmeter av eigedom som er negativt råka av gondolbana.

Skuffa

Inge Rørvik, som har gondolbana svevande nokre meter bortanfor huset, har fått 196.000 kroner i avgjerda. 100.000 kroner i rein kompensasjon, medan dei 96.000 siste er til utgifter med nye vindauge og markiser.

Saman med fleire naboar har han lese gjennom dommen tysdag ettermiddag. Dei er langt frå nøgde med utfallet.

– Beløpet burde vore minst tre-fire gongar høgare om dette skulle vera rettferdig. Konsekvensen av dette må vera at ein nærast kan bruka alle sitt luftrom fritt, med berre småpengar som kompensasjon, seier Rørvik til NRK.

Mange møtte opp for å sjekke utsikten på den nye gondolbanen på Voss. Den går fra sentrum og opp til Hangursbanen på 820 moh.

OPNA I JULI: Mange møtte i sommar opp for å sjekke utsikta på den nye gondolbana på Voss. Ho går frå sentrum og opp til Hangursbana på 820 moh.

«Betydelig innsyn»

I årevis har naboane til gondolen protestert mot det dei kallar eit «maktovergrep».

Ein annan av dei som har fått erstatning, er skilegenda Kristen Skjeldal. I den ferske rettsavgjerda får han den høgste erstatningssummen på 1.148.547 kroner.

«Gondolbanen går over hustaket med de ulemper det innebærer for nedfall av ulik karakter, videre er det betydelig innsyn både inn i stuen og på tomten ellers», slår tingretten fast om verditapet på Skjeldal sitt hus.

– Påkjenninga og redselen ved å tenke på ulykker som kan oppstå, gjer meg veldig usikker på om eg tek sjansen på å bu rett under lina, har Skjeldal tidlegare sagt til NRK.

Gondolbane på Voss

SKYTTELTRAFIKK: Kvart førtiande sekund, frå morgon til kveld, passerer gondolvognene hustaka på Voss.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Ikkje nøgd med erstatningane

I november starta rettssaka i Bergen tingrett der nærmare 40 hus- og grunneigarar under den nye gondolbanen bad om erstatning for ulempa banen fører med seg.

Seks naboar valde innløysing før rettssaka byrja, som vil seie at Voss Gondol har kjøpt huset deira for marknadsprisen.

Advokat Endre Grande, som representerer fleire av saksøkarane, er ikkje nøgd med nivået på erstatningane som blir utbetalt.

Vi bad om 40 prosent av eigedomsverdien, men erstatningsnivået vart på mellom fem og 15 prosent. Det er veldig lågt og skuffande, seier Grande til NRK.

– Det er for tidleg om vi skal ta saka vidare no. Vi går grundig gjennom dette over nyttår.

Voss Gondol AS går no gjennom avgjerda saman med advokaten sin.

– Vi vil ikkje kommentera saka enno, seier administrerande direktør Øyvind Wæhle i gondolselskapet.

Får ikkje nye vindauge

Bergen tingrett har i avgjerda vurdert ulike formar for belastning som saksøkarane meiner dei er påført.

Nokre har mista areal på bakken, andre har fått kablar i lufta gjennom eigedommen og nokre har altså fått innsyn i bustadane frå sjølve gondolvognene.

Retten vurderer at det er eigedommane nærast nedre stasjon som har støynivå som gir grunnlag for erstatning.

Fleire har kravd erstatning for nye vindauge på grunn av støy, men det er det ikkje alle som får. Men retten vil gi erstatning til dei som må ha nye vindauge grunna innsyn.

Voss Gondol

PANORAMA: Den nye gondolbana kan bli ein ynda turistattraksjon i skibygda Voss.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Attraksjon

Den nye gondolbana erstattar den gamle Hangursbana i skibygda Voss.

Bana, som går frå Voss stasjon i sentrum og opp til Hangurstoppen, kosta 330 millionar kroner å bygge.

Bana kan frakte 1100 personar til fjells kvar time og gir passasjerane panoramautsikt over Vossevangen.

– Vi har så langt fått fantastisk gode tilbakemeldingar frå gjestene både på reisa med bana, og restauranten og området på Hangurstoppen, sa Wæhle til NRK under opninga i sommar.