Hopp til innhold

Elvenes: – Det neste er vel at promillegrensa heller ikkje skal gjelde

Stortingsrepresentant og medlem av justiskomiteen Hårek Elvenes (H) meiner utspelet frå Senterparti-politikar Magnhild Vik som mista lappen, er fullstendig håplaust.

Hårek Elvenes i Høyre

Hårek Elvenes, stortingsrepresentant for Høgre og medlem i justiskomiteen, har absolutt ingen sympati med Senterparti-politikar og bonde Magnhild Vik som mista lappen 2. påskedag.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det var nesten så eg ikkje fann ord som var dekkande nok då eg las utspelet. Min første reaksjon var at det er ein fullstendig håplaus tanke. Ho har ikkje fått med seg 5. klasse-pensumet på folkeskulen i samfunnsfag, seier Elvenes til NRK.

Høgre-politikaren refererer til utspelet frå bonde og Senterparti-politikar Magnhild Vik etter at ho 2. påskedag mista sertifikatet etter å ha blitt tatt i 103 km/t i 80-sona. Ho mista sertifikatet då ho hadde seks prikkar frå før, og dei tre nye førte til førarkortbeslag.

Magnhild Vik

Gruppeleiar for Senterpartiet i Rauma kommune, Magnhild Vik, mista førarkortet 2. påskedag. Det meiner ho er urettferdig.

Foto: Frode Berg / NRK

– Når ein har køyring som levebrød mistar ein inntektsgrunnlaget, ein mistar jobben, og dersom ein mistar det for ein lang periode, då får det katastrofale økonomiske konsekvensar, sa Vik til NRK.

Sp-politikaren omtalar det som ei forskjellsbehandling av folk i distrikta.

– Vi har ikkje eit kollektivtilbod. Det får heilt andre konsekvensar og større økonomiske konsekvensar enn for dei som har trikk, buss og tog som dei kan bruke.

Ingen sympati

Saka, som først blei omtalt av Åndalsnes Avis, har fått mange til å reagere. Elvenes i Høgre omtalar utspelet frå Vik som «heilt borti veggane».

– Vi har likskap for lova her i landet og det betyr at lova også gjeld for traktorkøyrande bønder, seier Elvenes.

– Har du noko som helst sympati med Magnhild Vik?

– Overhovudet ingen sympati. Dei ein skal ha sympati med er trafikantane som blir utsett for livsfare på grunn av villmannskøyring frå ein lokal senterpartipolitikar. At traktorkøyrande bønder skal ha ei anna fartsgrense er heilt uhøyrt, seier Elvenes.

Høgre-politikaren seier at det kan skje at folk køyrer for fort.

– Men å komme med så håplause argument til sitt forsvar, ja, ein skal vere ganske oppfinnsam og kunnskapslaus for å få det til.

– Kva med taxisjåførar?

Elvenes synest det ser ut som Vik har uttalt seg i desperasjon.

– Ho verkar til å ha uttalt seg i ei form for desperat nødverje. Der finst jo avløysarordningar i landbruket som kan trå inn og hjelpe ho den tida ho sjølv ikkje kan sitje på traktorsetet, kommenterer Høgre-politikaren frå Vesterålen.

Han omtalar utspelet frå Sp-politikaren i Rauma i Romsdalen som «det mest ekstreme kravet om særbehandling for bønder frå ein Senterparti-politikar nokosinne».

– Og det seier sitt. Å krevje at bøndene skal vere unntatt frå fartslovene er komplett kunnskapslaust. Kva med alle andre som er avhengig av bilen i sitt levebrød. Skal fartsgrensene heller ikkje gjelde for taxisjåførar?

– Det neste er vel at promillegrensa heller ikkje skal gjelde for lokale senterpartistar, avsluttar ein engasjert Elvenes.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL