Hopp til innhold

Har målt bilar i opp til 199 km/t i anleggsområdet: – Heilt uforsvarleg

Råkøyrarar bryr seg ikkje om utbetringsarbeidet på fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet. Den verste syndaren har vore opp i 199 km/t.

Bilar målt til høg fart gjennom anleggsområde.

HØG FART: Langt frå alle trafikkantane på rv 52 Hemsedalsfjellet veit å respektere anleggsområdet. – Det er skremmande å sjå kor lite omsyn enkelte viser til dei som arbeider langs vegen, seier byggjeleiar Bjørn Kåre Ifarnes hos Statens vegvesen. Lastebilen på bilete har ikkje noko med saka å gjere.

Foto: Anlegg Øst Entreprenør

  • Hovudbiletet i saka er 22. juni blitt sladda. Lastebilane på biletet har ingenting anna med saka å gjere enn at dei passerte gjennom anleggsområdet då biletet vart teke.

Utbetringsarbeidet på sterkt trafikkerte Hemsedalsfjellet starta opp i fjor haust.

Til vanleg er fartsgrensa på fjellovergangen 80 km/t. Under arbeidet er den redusert til 50 km/t i anleggsområdet, medan den inntil områda er skilta 70 km/t.

– Vi har spesielt lagt merke til at fart ikkje blir respektert godt nok, seier ansvarleg for arbeidsvarsling i Anlegg Øst Entreprenør, Morten Skoglund.

– Urovekkande og sjokkerande

Entreprenøren skal fredse kring 3 300 meter fresegater, tilsvarande det som allereie er etablert på Vestland-sida av fylkesgrensa. I tillegg skal strekninga lyssetjast.

Framferda til fleire av bililstane, uroar også Statens vegvesen. Dei er byggherre.

– Vi ser folk som har det travelt, køyrer forbi og seinast i dag såg vi folk som køyrde på raudt lys, fortel byggjeleiar Bjørn Kåre Ifarnes.

Entreprenøren prøvde å snevre inn vegbana med refleksmerka portalar, men desse vart køyrde på og øydelagde. No har dei forsøkt radar/fartstavle.

Høgste målte fart er 199 km/t innanfor arbeidstida på anlegget. Nest høgste måling var 165 km/t.

– Det er både urovekkande og sjokkerande. Her arbeider familiefolk langs vegane, og vi ynskjer at også dei skal få kome heim etter endt arbeidsdag. Eg finn ikkje ord, seier Ifarnes.

Smilefjes eller surt fjes

Entreprenøren har kontakta fleire transportselskap som ikkje følgjer fartsgrensa. Det har ikkje vore til særskilt hjelp på den sterkt trafikkerte fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet.

Siste tiltak er radartavle for å gi hastige bilistar surt fjes, medan dei som held fartsgrensa får grønt smil.

Mange syndar mot fartsgrensa gjennom anleggsområdet på Hemsedalsfjellet.

– Respekter skilta. Det er familiefolk som jobbar langs vegen. Vi ynskjer å ha dei trygt heim kvar dag. Vis omsyn, er oppmodinga som byggjeleiar Bjørn Kåre Ifarnes har til vegfarande på Hemsedalsfjellet.

Foto: Anlegg Øst Entreprenør

Skoglund meiner dei oftare enn før ser at trafikkantane ikkje respekterer anleggsarbeid.

– Vi har diverre fleire episodar enn før.

Prosjektleiar Knut Erik Skogen er uroa for tryggleiken for entreprenøren og deira folk.

– Risikoen som overskridarane utset andre trafikantar og seg sjølv for er heilt uforsvarleg.

Skogen seier fartssyndarane utset andre trafikantar og seg sjølve for uforsvarleg risiko.

– Trafikktryggingsarbeidet med visjonen om ingen drepne og hardt skadde i trafikken, som fleire etatar og organisasjonar held på med, blir ettertrykkeleg motarbeidd for tida. Det har vore fleire medieoppslag om villmannskøyring mange stader i det siste, seier han.

Ber politiet om hjelp

Målinga viser at hovuddelen av bilane som passerer ligg over grensa på 50 km/t i anleggsområdet. No er resultatet av målingane oversendt politiet.

– Vårt ynskje er at politiet også kan vere meir synlege i vårt anleggsområde, gjerne med fartskontroll, seier Skoglund.

Brit Fyksen, Politistasjonssjef i Hallingdal

OPPMODING: Politistasjonssjef Brit Fyksen ber arbeidarane skilte området godt og å sikre seg sjølve. – Om vi ikkje er i området, men får registreringsnummer og gode skildringar, så kan vi fange opp bilen i andre enden og handtere det der, legg ho til.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Politistasjonssjef for Gol og Hemsedal, Brit Fyksen, er kjend med registreringa frå Hemsedalsfjellet.

– Vi har veldig lyst til å hjelpe, men eg kan verken stadfeste eller avkrefte at vi vil vere der meir, seier ho.

Politiet må prioritere mellom oppdraga sine, men etter fleire tilfelle med råkøyring i distriktet har politiet hatt ekstra fokus på fart blant unge bilførarar.

– Vi ynskjer å gjere spesielt unge førarar merksame på farane dei utset seg sjølve og andre ved høg fart, seier Fykse.