Hopp til innhold

Fleire byar testar «sjokk-felle» mot råkøyring

Moderne våpen i kampen mot fartssyndarar får folk til å køyra saktare. Dei som held fartsgrensa merkar ingenting.

– Du får ei solid påminning om at du har køyrt for fort, seier senioringeniør Trond Hollekim i Vestland fylkeskommune.

Tenk deg at du køyrer bortover vegen. Plutseleg forsvinn underlaget, og begge framhjula treff ein metallkant. Då har du køyrt altfor fort.

Både Bergen og Halden testar ut eit moderne hjelpemiddel mot råkøyring: Ein avansert fall-lem som ligg i høgde med asfalten, på tvers over vegen. Ein fartsmålar i vegkanten og eit styringssystem gjer at lemmen går ned når nokon køyrer over fartsgrensa.

Den første fartsdumpen i landet av denne typen blei tatt i bruk på Landås i Bergen i desember 2020. Eitt år seinare blei det same systemet montert i Halden. No har det kome ein ny fartsdump i Bergen sentrum, like ved bybanestoppet på Florida.

Senioringeniør Trond Hollekim, Vestland fylkeskommune

NY FARTSDUMP: Senioringeniør Trond Hollekim i Vestland fylkeskommune ved den andre og nyaste fartsdumpen i Bergen, som ligg på Florida.

Foto: Lars Christian Wallace / NRK

Tydeleg fartsreduksjon

Den første fartsdumpen i Bergen har gitt veldig gode resultat, blant anna ein tydeleg reduksjon av farten gjennom området, fortel Hollekim.

Ein evalueringsrapport for det første halve året etter opninga viser at det er mange fordelar med systemet.

Rapporten konkluderer med ein «markant fartsreduksjon». Det er ingen kjende uhell med syklistar eller motorsyklistar, og svært få som har klaga. Men kostnaden er høgare enn vanlege fartshumpar.

– Det som er bra er at systemet berre diskriminerer dei som køyrer for fort. Dessutan er det gunstig for kollektivtrafikken, som ikkje er så glad for dei vanlege fartshumpane vi har rundt omkring, seier Hollekim.

Ny fartshump-løsning i Halden.

FRITT FRAM FOR UTRYKKING: Brannbilar og andre utrykkingsbilar køyrer forbi utan å bli hindra, sjølv om dei køyrer for fort.

Foto: Henrik D. Meyer / Halden kommune

Store endringar

Halden kommune tok i bruk det same systemet i desember 2021, ved Halden vidaregåande skole. Skulen blei utvida og fekk fleire hundre elevar ekstra, med undervisningslokale på begge sider av Tistedalsgata.

Resultatet er at svært mange fleire held seg innanfor fartsgrensa på 30 kilometer i timen.

– Tidlegare køyrde mellom 80 og 90 prosent for fort. No er det berre 10 prosent som ikkje held fartsgrensa, seier avdelingsleiar Jan-Erik Hansen i Halden kommune til NRK.

Eit hus som ligg veldig nær har vore plaga med litt risting, men elles ser Hansen berre positivt på tiltaket.

– Vi er godt fornøgde med resultatet. Det har auka tryggleiken i eit område der mange mjuke trafikantar kryssar vegen mellom skulebygningane.

Hansen bekreftar at fleire andre kommunar har tatt kontakt, og vist interesse for korleis dei har fått ned farten. Han påpeikar at kostnaden er høgare enn vanlege fartsdumpar, og at det kan vera avgjerande for kva andre kommunar vil gjera.

Fartsdump i Halden

FARTSREDUKSJON I HALDEN: Tidlegare køyrde mellom 80 og 90 prosent for fort. No er det berre 10 prosent som ikkje held fartsgrensa, viser målingar.

Foto: Henrik D. Meyer / Halden kommune

Hundre anlegg i fleire land

Det svenske selskapet Edeva har levert om lag 100 slike anlegg dei siste ti åra. Dei fleste er i Sverige, der selskapet har ein rammeavtale med det svenske Trafikverket. Men dei finst også i Noreg, Danmark, Australia og på Island.

– Erfaringane er dei same overalt. Det blir jamn flyt i trafikken og trygg hastigheit, seier administrerande direktør David Eskilsson i Edeva.

Han legg vekt på at bussar og andre store køyretøy kan køyra på ein flat veg, der alternativet kunne vore tradisjonelle humpar som dei må bremsa ned for å køyra over.

– I staden for tiltak som rammar alle, vil denne typen berre merkast for dei som bryt fartsgrensa, påpeikar han.

Mange kundar set også pris på dei store mengdene med data om trafikken som systemet samlar inn.

– Det er dyrare enn tradisjonelle humpar, men det gir også mykje meir verdi, seier Eskilsson.

Han opplyser at selskapet har kontakt med fleire fylke og kommunar i Noreg, og trur at fleire av dei vil ta i bruk løysinga.

Håpar på andre løysingar

Statens vegvesen har så langt ikkje vurdert denne typen fartshinder. Dei har ansvar for riks- og europavegar, medan det er kommunar og fylkeskommunar som har ansvar for resten av dei offentlege vegane.

– Vi er usikre på korleis dette fungerer under vinterforhold. Dessutan går vi ut ifrå at det blir høgare kostnader. Men vi er interesserte i kva erfaringar kommunane har, seier senioringeniør Trude Schistad i Statens vegvesen.

Ho håpar at endå meir moderne teknologi kan bidra til at folk ikkje trykker for hardt på gasspedalen.

Teknologisk utvikling og nye bilar vil for eksempel på sikt kunna gjera det mogleg å etablera geogjerde med fartssperre for å avgrensa farten på utvalde strekningar. Statens vegvesen ser på dette som ei meir framtidsretta utvikling, seier Schistad.

Oslo kommune har testa ein annan type «intelligente fartsdemparar» (IFD) i Toftes gate og Sognsveien. Testrapporten viser både positive og negative erfaringar. Bymiljøetaten vil utforska andre fartsdempande løysingar, står det i rapporten.

NRK har vore i kontakt med Transportøkonomisk institutt. Dei har så langt ikkje undersøkt moderne fartsdemparar med fallem, og kan difor ikkje uttala seg om effekten av dei.

Jan-Erik Hansen i Halden kommune gjekk av med pensjon kort tid etter at intervjuet blei gjort.