NRK Meny
Normal

Raumaordføraren vil oppheve hoppforbodet i Trollveggen

Raumaordføraren meiner det no er på tide å oppheve lovforbodet mot hopping i Trollveggen. Han synest den over 30 år gamle lova har gått ut på dato.

Raumaordføraren meiner det no er på tide å oppheve lovforbodet mot hopping i Trollveggen. Han synest den over 30 år gamle lova har gått ut på dato

Sjå tv-saka: I Rauma hoppar dei frå alle toppar. Ordføraren i kommunen vil fjerne hoppforbodet i Trollveggen.

Lars olav Hustad

Raumaordføraren meiner det no er på tide å oppheve lovforbodet mot hopping i Trollveggen

Foto: Frode Berg / NRK

– Eg meiner at forbodet ikkje har noko verknad meir. Den har ikkje lenger noko hensikt i forhold til dei som held på der oppe, seier Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma.

Ifølgje hopparane sjølv blir det gjennomført opp til 4–5000 hopp i året, 500 av dei i den forbodne Trollveggen.

– Det blir hoppa overalt i Romsdalen, og eg trur ikkje det er noko farlegare her. Eg meiner difor at tida er moden for å sjå på dette forbodet igjen, seier Hustad.

– Det er eit paradoks

I Rauma samla fleire hundre seg til filmvisning denne helga. I mørket under den taggete Trollveggen så de dokumentaren om den første som omkom i eit hopp der oppe frå, amerikanaren Carl Boenish.

Thomas Berg Hestad

Basehoppar Thomas Berg Hestad ønsker å fjerne forbodet.

Foto: Frode Berg / NRK

Han vart den første av mange døde og skadde basehopparar. Det førte til eit forbod, men basehopparane heldt fram med å hoppe likevel.

– Eg har blitt tatt for å hoppe ulovleg to gongar der oppe. Om eg skal vere heilt ærleg så håpar eg dei har gitt seg med det. Eg meiner det er unødvendig. Eg meiner at Trollveggen er ein av dei tryggaste plassane å hoppe i dag, seier basehoppar Thomas Berg Hestad.

– Det er eit paradoks Det er forbod mot å hoppe i Trollveggen fordi det er krevjande å utføre redningsarbeid der fordi det er så bratt. Men dei byrja nettopp å hoppe der fordi det var ein av dei tryggare plassane å hoppe, meiner basehoppar Stein Lindseth.

Ønsker lovendring

Hjå helikoptermannskapa vil nok eit forslag om lovendring vere kontroversielt. Risikoen for steinsprang og kastevinder gjer at det er innført ei flyforbodssone i deler av Trollveggen. Dette gjer at redningsaksjonar i Trollveggen kan vere farlege for eit helikopter som rykker ut ved hoppulykker.

Raumaordføraren meiner likevel at det ikkje har nokon hensikt å behalde ei lov som ikkje hindrar hopping.

– Vi vil gjerne ta kontakt med justisministeren for å undersøke om ein kan vurdere dette forbodet på nytt. Det er trass alt 30 år sidan lova kom, seier Hustad.