Hopp til innhold

Ras stengjer europavegen på Vågstranda

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Det har gått eit ras på Vågstranda i Rauma. Raset stengjer E136 delvis.

Politiet er no på staden og dirigerer trafikken.

Politiet melder at ein må vente kø på staden.

E136 er ein av hovudvegane mellom Møre og Romsdal og Austlandet. Vegen har også stor lokal trafikk i kommunane Vestnes og Rauma.

Raset har gått i eit område som er rekna som svært rasfarleg. Stortinget har løyvt pengar til tunnel forbi rasstaden. Byggearbeidet har nett starta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL