I ettermiddag gjekk det eit mindre ras inne i Lingetunnelen mellom Liabygda i Stranda og Linge i Norddal. Vegen var stengt omlag ein halv time frå klokka 1415.
Statens Vegvesen har vore på staden og rydda bort steinen frå vegbana.
I føremiddag ramla det ned steinar frå taket i Visettunnelen mellom Vaksvik og Dyrkorn.
Det var fleire store steinar som losna frå tunneltaket og traff fleire bilar.
Mellom anna traff steinane ein spansk buss, ein varebil og ein personbil. Ingen personar blei skadde. Vegen er no er delvis stengd på grunn av oppryddingsarbeid. Det blir no jobba med å sikre tunneltaket.