Hopp til innhold

Rapport frå rettspsykiatarane

Rettspsykiatarane har i samband med valdtekten, drapet og drapsforsøka i Molde i november konkludert med at den tiltalte har diganosen« marginal intelektuell fungering.»

Psykiatarane har ikkje funne grunnlag for å setje diagnosen til noko grad av psykisk utviklingshemming.

Tiltalte kan ha underprestert på nokre av testane, og det er uklart korleis tiltalte ville fungere i eit samfunn der han kjenner språket og kulturelle forhold, framgår det av rapporten.

Psykiatarane har ikkje funne noko som kan forklare at tiltalte ikkje skulle hugse noko frå hendingane og heller ikkje haldepunkt som skulle seie noko om fare for vesentleg forhøga risiko for framtidig vald.