vedtaket blei gjort med 25 mot 22 røyster.
Dermed opnar politikarane i Molde for første gong for privat sjukeheimsdrift.
Grundig gjennomgang
Ordførar Jan Petter Hammerø(H)
Ordførar Jan Petter Hammerø frå Høgre meiner dette gjer det mulig å gå grundig gjennom drifta av sjukeheimen.
I fjor sa politikarane i Molde nei til å konkurranseutsette Råkhaugen.
Men i mellomtiden har det vore val og Molde har fått eit nytt kommunestyre. Her manglar Høgre og Framstegspartiet tilsaman berre ei stemme på å ha fleirtallet.
Historisk
Når kommunestyret nå seier ja til å konkurranseutsette drifta av ein sjukeheim er det eit historisk vedtak.
- Ein del andre kommunar, blant anna Ålesund, har konkurranseutsett sjukeheim, men det er første gong dette skjer i Molde, seier Hammerø
Kommunale vinn ofte
Å konkurranseutsette drifta av ein sjukeheim betyr ikkje at sjukeheimen nødvendigvis blir privatisert.
Det som ofte skjer er at kommunen vinn anbodsrunden. Men dette uroar ikkje Hammerø.
- Ingenting ville glede meg meir enn at kommunen vann anbodsrunden fordi det vil bety at vi driv omsorgstenestene våre på ein go måte, seier Hammerø.